Fungerande lensmann Odd Kulø i Ørsta og Volda ber Volda kommune avslå ein søknad frå Studenthuset Rokken om utvida skjenketid under fadderveka, melder morenytt.no

I samband med arrangementa under den første studieveka, ønskjer studenthuset både utvida skjenketid og utvida skjenkeområde.

– Med bakgrunn i erfaringar frå tidlegare år, og då særleg «Fadderveka 2013», er det frå politiet si side ikkje ynskjeleg med utvida skjenkjetid, kommenterer Kulø i si fråsegn, og ber om at søknaden frå Rokken ikkje vert komen i møte, skriv Kulø.

I fjor var det fleire episoder der studentar måtte ha medisinsk hjelp etter for mykje drikking.