Kariann Flovikholm er kompetansesjef i fylkeskommunen. Foto: Staale Wattø (arkiv)

Den største eksamensdagen i vidaregåande, norsk hovudmål, blei til slutt avlyst. Ein teknisk feil i datanettverket hos fylkeskommunen var årsak.

Tysdag er det ny eksamensdag. Både IT-sjef Dagfinn Grønvik og kompetansesjef Kariann Flovikholm meiner det skal gå bra.

– Vi har funne feilen og meiner det skal gå fint, seier Flovikholm.

IT-sjefen forklarer trøbbelet som oppstod med at mange elevar skulle logge seg på samtidig, og at ein såkalla brannmur ikkje takla den store pågangen.

Nettverksproblemet blei løyst like før klokka 12, opplyser fylkeskommunen.

– Dette er stresstestingar som er krevjande å simulere på førehand, seier Grønvik til Sunnmørsposten.

– No har vi optimalisert systemet og meiner det skal gå fint i morgon, sa han måndag kveld.

I år er første gong elevane har såkalla fulldigital eksamen. Først ut var norsk sidemål sist fredag. Det gjekk fint, opplyser dei.

Men så kom norsk hovudmål, som er obligatorisk eksamen. Det betyr at det var ekstra stor pågang. Sunnmørsposten spør kor mange som skulle logge seg på samtidig. Flovikholm sjekkar og finn ut at det var 2.180 som skulle ha eksamen på fylket sine vidaregåande skular. I tillegg var det rundt 150 privatistar.

Flovikholm seier måndagens gjennomføring av eksamen blei tragisk for elevane.

– Vi vil gjere det vi kan for å halde systemet oppe på ein tilfredsstillande måte resten av eksamensperioden, seier IT-sjef Dagfinn Grønvik.