– Fy flate! Eg stod meir enn eg sat i sofaen. Tårene trilla. Det er ein heilt fantastisk prestasjon, så det er klart at vi skal flagge, fortel Laila Liavåg som står i kassa på Princess-butikken på Amfi Ulsteinvik.

Laila Liavåg er imponert over sambygdingen Karsten Warholm. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Ho har som fleire på senteret pynta butikken sin med flagg i anledning Karsten Warholms maktdemonstrasjon på 400 meter hekk i går kveld. Nokre har til og med bestilt kake til seinare på dagen. Langs vegane i Ulsteinvik er det også plassert hekkar med norske flagg.

Trur det betyr mykje for bygda

Torgeir Molskred er ute i Ulstenvik i morgontimane. Han meiner medaljelaupet til Karsten er viktig for bygda.

– Dette viser dei unge at plassen dei kjem frå avlar verdsmeistrar. Det skaper ei stoltheit. Dette er svært, forklarer han.

Sjølv hadde han ikkje trudd at det skulle gå heile vegen til topps, men han smiler og seier:

– Han hadde det jaggu i seg.

Torgeir Molskred. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Stort for Sunnmøre

– Ein kan seie det er stort for Ulsteinvik, men eg vil seie at dette er stort for heile Sunnmøre. Eg følar meg like stolt sjølv om at eg kjem frå nabokommunen Herøy, forklarar Filip Frøystad, som står og monterer kablar i taket på Amfi.

Han omtaler gårsdagens prestasjon frå Karsten som ein skikkeleg kruttkanon, og seier at han dansa i sofaen og jubla då dimnaguten sprang inn gullmedaljen.