– Dette er veldig i startfasen, understrekar dei begge overfor Sunnmørsposten. Men dei har stor tru på framtidig tareproduksjon og går inn med like store eigardelar i selskapet.

Sluttar i Møreforsking

Så stor er trua at Annelise Chapman sluttar i jobben i Møreforsking til nyttår. Dermed sluttar ho også som prosjektleiar for tareprosjektet Promac der kollega Celine Rebours har teke over.

Chapman vert dagleg leiar i det nye selskapet. Styreleiar og medeigar er Bjørn Otterlei. Han er marknadsansvarleg i Polar Seafrozen i Fosnavåg og har erfaring frå fisk og marknad. Og kjenner mellom anna godt til Asia-marknaden der tare er spesielt aktuelt.

To konsesjonar

Ved Måløya har dei planar om å produsere tang og tare. Marknad og teknologi vil avgjere kva for produkt dei kjem til å satse på.

Ved Skarveskjeret er planen å byggje opp ei kompetansebedrift og framsyningsanlegg der andre også kan komme og teste.

Med fiskeoppdrettsanlegg på Leikong ligg det til rette for at desse kan levere naudsynte næringssaltar til tareproduksjonen.

Ein satsar på produksjon begge stader.

Innom mange instansar

Sidan tang og tare ikkje har eige tilpassa regelverk enda, måtte dei først søkje Fiskeridepartementet som så sende saka vidare til andre etatar. Mange instansar (mellom anna Mattilsynet, NVE, Fiskeridirektoratet, Fylkesmannen og Kystverket) må seie sitt slik at anlegga ikkje kjem i konflikt med navigasjon, avløp, leidningar i sjøen og altså kommunens arealplan der området må vere lagt ut til akvakulturformål.

Ramma for det heile skal vere å drive miljøvennleg med berekraft i alle ledd.

Møre og Romsdal

Gjennom jobben sin i Møreforsking har ho sett utviklinga og potensialet i tarenæringa og undra litt over at ikkje nokon har snakka om å dyrke i Møre og Romsdal.

– Rett nok haustar Algea på Nordmøre grisetang og dei har også søkt konsesjon om dyrking av tare, men den har blitt liggjande i mange år, opplyser Chapman.

Etter kvart fekk ho fleire førespurnader frå folk som meinte dei burde sette i gang tareproduksjon her.

– Sidan eg bur på Remøya var det også praktisk med omsyn til pendling. Eg hadde lyst til å vere med å starte her ute. Av omsyn til habilitet måtte eg slutte jobben i Møreforsking. Men eg ser føre meg samarbeid både med Møreforsking og andre, seier Chapman.

I TANGO Seaweed håper dei å få noko i sjøen i løpet av sommaren.

– Men det er ein lang prosess før vi kan dyrke og selje, seier Otterlei.

Kan bli ei klynge

I kompetanseanlegget på Måløya kan vi til dømes dyrke sukkertare og butare eit par år. Deretter kanskje dyrke andre tareslag i tillegg. Fordi utviklinga går så fort er det viktig å vere forsiktig og ikkje satse alt på ein type produksjon og ein teknologi. Vi håper at dette kan utvikle seg til ei klynge for tareproduksjon.

Vi diskuterer også med Herøy vidaregåande skule som gjennom naturbruksfag så langt har fokusert på fiskeri. No skal dei ta inn nye typar havbruk, seier Chapman.

Lønsam framtid: Tareproduksjon kan verte lønsamt, meiner gründarar som no har søkt Herøy kommune om konsesjon. Foto: Knut Arne Aarset Foto: Knut Arne Aarset