Hareid-ordførar Anders Riise var mellom dei blidaste på møtet etter at Harald Tom Nesvik hadde gjort kjent at regjeringa går for Hafast som E39-trase på Sunnmøre.

Saman med Kleven-sjef Ståle Rasmussen og Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr kom han tilbake til ei øy som i framtida kan få fastlandssamband både i sør og nord, takka vere regjeringas avgjerd.

Kleven-sjefen: – Ambisjonane bør vere å ha det ferdigstilt i om 6-8 år

– Viktigaste gjennom 40 år

– Hafast er den viktigaste saka ein har arbeid med dei siste 40 åra i Hareid kommune. No ser ein endelig til å lukkastmed å knytte Hareid og resten av Søre Sunnmøre opptil Ålesundregionen, sa Riise i ei pressemelding som vart sendt ut få minutt etter avgjerda vart kjent.

– 3 gonger hurra for alle som har kjempa for Hafast. I morgon er det flaggdag på Hareid rådhus, slo Riise fast.

Flere Hafast-tilhengere blant dem Hareid-ordfører Anders Riise hadde tatt turen til Ålesund. Foto: Morten Hjertø