Lynnedslag held fram med å skape ulike problem på Nordvestlandet laurdag.

Ved Volda skisenter var det berre barnetrekket som var ope dei første timane på grunn av lynnedslag. Ein montør på staden var tidleg laurdag ettermiddag i gang med å reparere feilen, men besøkande har fått beskjed om at det er usikkert når hovudtrekket på Reset kan opne igjen.

Gjør som flere enn 20.000 andre - følg smp.no på Facebook

Lengre nord slo eit lyn ned i eit fly før landing ved Molde lufthamn Årø. Flyet gjorde difor vendereis til Flesland i Bergen der flymaskina kunne sjekkast av teknikarar, skriver Romsdals Budstikke.

Ved Ørsta/Volda lufthamn Hovden vil flytrafikken gå som normalt frå 14-tida laurdag. Flyplassen måtte stengjast etter eit lynnedslag fredag kveld, men midt på dagen laurdag vart feilen funne.

– Det er eit linjebrot som Telenor må reparere, men vi får avvikla trafikken ved hjelp av ei mellombels løysning, seier lufthamnsjef Sverre Bae til smp.no.

Sjekk oppdatert informasjon på Avinor sine nettsider

Trass dei tekniske problema fekk eit Widerøe-fly frå Oslo i føremiddag lande laurdag føremiddag. Årsaka var at vergudane stod på flykapteinen si side.

– Vi fekk tatt ned flyet mellom snøbyene. Så lenge sikten er bra og det er dagslys, går det fint, legg Bae til.