Det er novembermålinga frå Norstat, gjort for NRK og Aftenposten , som gir desse resultata.

Viss det gjekk som i målinga i eit val, ville Høgre og Frp fått 89 av dei 169 mandata på Stortinget. Det er fleire enn dei treng for å få fleirtal.

Berre 18,2 prosent av dei spurde seier dei ville stemt Arbeidarpartiet (Ap) viss det var val i dag, og dermed får Ap det dårlegaste resultatet i noka måling gjort for NRK. Det er fjerde NRK-måling på rad der Ap får mindre enn 20 prosent.

Resten av partia måler som følgjer (endring frå oktober i parentes): Raudt 5,9 (-1,1), SV 8,4 (-0,7), MDG 3,7 (+0,6); KrF 3,6 (+0,2), Venstre 3,4 (+0,0), Frp 14,7 (+0,3), andre 5,4 (+2,3).

Meiningsmålinga er gjord mellom 25. oktober og 30. oktober. Feilmarginane er på mellom 1,4 og 3,7 prosent og er størst for dei største partia. 945 personar er spurde.

(©NPK)