Midt på dagen i fjor sommar blei ei kvinne tatt for promillekøyring på ein trafikkert veg i Giske kommune.

– Køyringa var på ein slik måte at både tiltalte og medtrafikantar blei utsett for ein betydeleg risiko, ifølgje ein dom frå Møre og Romsdal tingrett.

Retten legg til grunn av kvinna hadde ein alkoholpromille på over 1,2. I tillegg til alkohol hadde ho også ecstasy og GHB i blodet.

I dommen kjem det fram at kvinna køyrde vinglete, og at ho fleire gongar kom over i motgåande køyrebane. Dette førte til at motgåande køyretøy måtte svinge unna.

Ho køyrde også opp på fortauet i eit område der mange mindreårige ferdast.

Kvinna er dømd til 18 dagar fengsel. Ho må dessutan betale 35.000 kroner i bot og 3.000 kroner i sakskostnader.

Vidare mister ho førarretten i to år og må ta full ny førarprøve for å få igjen førarkortet.

Retten legg ved straffeutmålinga vekt på at kvinna var sterkt påverka, at køyreturen var over ei lengre strekning, på ein stad og eit tidspunkt der mange ferdast ute.

Det er gått lang tid før saka er komen opp for retten, noko som i hovudsak skuldast at det to gonger er forsøkt å få saka opp som tilståingssak.

Tiltalte har erkjent straffskuld og forklart seg så langt ho meiner å hugse. Ho har ikkje kunna forklare seg om inntak av rusmiddel utover alkoholinntaket. Det ligg difor ikkje føre ei tilståing utan atterhald.