Det danske selskapet KB Electrotech som har arbeidd på fleire norske vegprosjekt, mellom dei Hjartåbergtunnelen i Volda, melde tidlegare denne månaden at det hadde gått til retten med såkalla rekonstruksjonsbegjæring - med andre ord at dei var i gjeldsforhandlingar.

Direktør Lars Erik Hauer i Statens vegvesen fortel til Møre-Nytt at løysinga selskapet skisserte ikkje var akseptabel, og at ein difor har starta prosessen med å seie opp alle kontraktane.

– Vi håper å få på plass nye elektroentreprenørar så snart som råd slik at forseinkingar og andre konsekvensar vert så små som muleg, seier han til avisa.

Hjartåbergtunnelen skulle etter planen ha opna tidleg i haust. Opninga vart først utsett til 20. desember fordi hovudentreprenøren vart forseinka med sitt arbeid, og ser no ut til å kunne bli ytterlegare forseinka.