Først partering, så koking i vatn og bad i ammoniakk, bensin og hydrogenperoksid. Etter nokre månader med tørking var beina klare for å bli fylt med silikon og stålwirar, for så å bli voksa og pusla saman att.

– Det er deilig å vere ferdig, fortel dugnadsgjengen.

Open for publikum kvar dag

Før helga var det tid for å montere skjelettet i miljøsenteret på Runde.

– Det tok fire menn ein heil dag, fortel biolog Michael Hundeide.

– No håper vi å kunne få til ei utvida utstilling om sjeldne artar som kjem til vårt område. Vi har planar om å utvikle ei om Runde og dyrelivet på og kring øya, fortel Hareide.

Følg smp.no på Facebook

Vandreutstilling

Vandreutstillinga «Kaldt hav, heite spørsmål» er no på rundreise i landet, men kjem tilbake til Runde neste år.

– Då vil vi forsøke å få inn fleire sjøpattedyr og store fiskar, særleg haiar, seier senterleiaren.

Han fortel at dugnadsarbeid er fundamentalt for både drift av senteret og utvikling av utstillingar.

– Eigeninnsats er heilt klart viktig for oss. Vi treng slik vilje til å take vare på ting utan at det skal vere lønsamt, meiner han.

Søkte fuglar, fann kval

Samfunnsvitar og biolog Hundeide var på fugleøya saman med kameraten Elias Ryberg for å ta opp fuglelydar då nokre turgåarar tipsa dei om kvalkadaveret 23. mars i fjor.|

Denne mellomstore delfinen, som tidlegare heitte rissodelfin, trivst best i tropiske og temperererte havområde.

– Rissodelfinar er observert to eller tre gongar tidlegare i Norge, og berre i Oslofjorden og i Trondheimsfjorden, sa Hundeide til Sunnmørsposten den gong.

Han var umiddelbart etter funnet tydeleg på at delfinen burde verte utstilt på Runde. Så vidt biologen veit, er ikkje skjelett av ein arrdelfin stilt ut nokon annan stad i Nord-Europa.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Nytt funn i fylket

Det vart dessutan gjort eit nytt funn av den sjeldne delfinarten i Møre og Romsdal i februar i år. Dyret vart funnen omkomen på Steinviksanden på Tustna i Aure kommune på Nordmøre.

Kvalen på Runde er innlemma i prosjektet Barcode of Life, som er ein relativt enkel genetisk test.

– Eg har dessutan vorte kontakta av ein skotsk forskar som har etterspurt prøver av dyret for genetisk å finne ut kva for populasjon han høyrer til, fortel Hundeide.

foto
<strong>Funnen i fjøra:</strong> Kvalen vog kring 500 kilo då ha vart funnen i fjøra i påska i fjor. – Han er litt spedbygd, så det er truleg eit ungt dyr, trur biolog Michael Hundeide. Foto: Tipser
foto
<strong>Lang prosess:</strong> Arrdelfinen har fått eit nytt «liv» i miljøsenteret på fugleøya Runde. Beina vart bada i ammoniakk og bensin, før dei vart tørka og deretter fylt med silikon og stål-wirer. Totalt tok behandlings- og restaureringsprosessane i overkant av eitt år. Foto: Nils-Roar Hareide