Maria Kristine Eidsvik er visepresident for Latinskolerussen, og ein av 15 jenter på russebilen «Divinas». Jentene går på Latinskolen, Akademiet og Fagerlia vidaregåande skule, og har fordelt seg over to russebilar. Dei har også sin eigen russelåt, Divinas, frå «Shades og Vodka» -produsent Are Lykke, for 4000 kroner.

– Kvifor har de ikkje laga ein tekst som provoserer og er nedverdigande mot gutar, kvifor er det berre gutane som provoserer med ekle tekstar mot kvinner?

– Det er stor forskjell på gutar og jenter der, jenter er kanskje meir mogne. Dessutan provoserer vi jentene på andre måtar. Vi tenker mykje på kva folk seier og meiner om oss, så vi provoserer heller med å seie andre ting.

– Kva tenker du når du høyrer tekstar som snakkar om kvinner som noko som berre skal «knullast», og erobrast? Er du sjølv med på allsongen?

– Eg får ikkje akkurat lyst til å synge med russelåtane som seier ting som «i kveld er det lov å vere hore». Det er ein veldig dum trend. men Vodkara sin russelåt her på Sunnmøre er mykje meir uskyldig, og det er veldig dumt at dei får hets no, meiner ho.

Likevel føler ho seg støytt av delar av teksten i «Vodkara».

– Vi synest det er ein gøy tekst, og vi syng med dei, men eg likar ikkje akkurat «den biten» der dei nedverdigar kvinner. Eg er heilt klart ikkje for, det er jo dumt, men eg veit at dei synest sjølv at teksten var litt for dryg då dei fekk høyre den for første gong med produsenten.

– Kva med dei som er yngre enn de sjølv, som ser opp til dokker og kanskje ikkje skjønnar at dette er «berre tull», er det greitt å forsvare slike tekstar?

– Nei det er det sjølvsagt ikkje, og eg trur at for å stoppe utviklinga må vi oppfordre til å tenke annleis og ikkje skrive slike tekstar meir, seier Maria Kristine.

Fire russ er siktet for pingvintjuveri