RaumaRock opna offisielt torsdag ettermiddag med konsert på Nesaksla. Her opptredde Tea Megaard og Bare Egil. Festivalen heldt fram med Åge Aleksandersen og Sambandet på kvelden.

Sjå biletserie av festivalen øverst i saken.

Trufaste frivillige

Men ein festival kan ikkje gå av stabelen utan frivillige. Og RaumaRock har over 150 frivillige som er i gong allereie frå tysdag, sjølv om festivalen ikkje startar før torsdag. Ein del av disse frivillige er sunnmøringar, som tar turen over fjellet til Romsdal, år etter år.

Ei av desse frivillige er Marita Græsdal. 20-åringen frå Vatne er, sin unge alder til trass, frivillig på sin sjuande festival.

Vi trefte ho på kjøkkenet, kor dei frivillige får mat, slik at dei har energi til å jobbe så hardt.

Bestemor, onkel, tante og mamma

– Her har eg ansvaret for å lage mat til dei andre frivillige, fortel ho, mens ho skjenker kaffi.

– Eg passar også på at folk ikkje skal gløyme å ete.

Ho fortel at dei serverer brødmat døgeret rundt, varmmat ein gong i døgeret og sveler.

– Svelene er høgdepunktet på dagen for mange, he he.

– Kvifor begynte å dra hit for sju år sida?

– Det byrja med at mormor drog meg hit da eg var lita. Så da fekk eg prøve og sjå litt, og så da eg vart gammal nok blei eg frivillig sjølv.

Ho har dratt både tanter, onklar, besteforeldre og mor si som frivillig i åra som har gått.

Fyste rad

– Kvifor kjem du tilbake år etter år?

– Det er rett og slett berre veldig gøy! Og så ser ein masse ting som er rart og artig.

– Kva tenker du på da?

– Ta til dømes Ka folk har på brødskiva si av pålegg. Der er det mykje rart. Ein han tok alt pålegg på ein gong på brødskiva si. At alt er godt kvar for seg betyr ikkje at alt er godt i lag.

Ho er også veldig glad i musikk, og prøver å få med seg ein del konsertar.

– Vi har jo storskjerm her på kjøkkenet, så det er som å sitte på fyste rad på konsert.

Resirkulering og hengekøyer

Kevin Liset har også orkesterplass til konsertane. Som frivillig i riggegjengen er han ein av dei som har ansvaret for å rigge scene, å få på plass utstyret artistane skal bruke og alt anna praktisk som må til. Det betyr at han er ledig under konsertane og får med seg musikken.

Ifølge Marita er han også ein meister i resirkulering.

– Ja, det stemmer, seier han, og peiker på pappfatet og plastglaset, som har namnet til Kevin på seg.

– Det er ikkje noko poeng i å kaste desse etter at eg har brukt dei ein gong. Da har eg dei heller heile veka. Det sparer man mykje pengar på, og så er det betre for miljøet.

Gjengangar

Han har vore frivillig på RaumaRock i så mange år at han ikkje heilt har teljing.

– Når ein festival klarar å lage ein lineup som dei har i år, er ikkje det så rart. Tenk at du kan sjå både Gåte, DumDum Boys, Raga Rockers og alle desse fantastiske artistane, på ein og same festival. I tillegg kan du oppdage nye band som verkeleg overraskar deg. Det er veldig bra.

Hengekøyer

Eller så kviler han seg i ei av hengekøyene som henger under scena.

– Vi får varme frå utstyret på scena, så her er det greitt å ligge, fortel han, og gjer oss ein demonstrasjon.

– Kult, eller?

Ny billettrekord

RaumaRock sette ny billettrekord på ein torsdag. Åge Aleksandersen og Sambandet selde 2500 billettar, noko som er 600 billettar meir ein Di Derre i fjor.

Festivalen fortset fredag og i kveld speler Nerli There, Cazadores, Thulsa Doom, Janove, Rauma-bandet Ogras og legendene Raga Rockers.