Statens vegvesen meldte søndag kveld at ferjesambandet Eidsdal-Linge var innstilt - igjen.

Dette som følge av tekniske problem med ei ferjekai. Avgangen søndag klokka 22.45 frå Eidsdal blei difor innstilt, får Sunnmmørsposten opplyst hos Vegtrafikksentralen Midt.

Problemet blei løyst ganske fort denne gongen. Det var frå klokka 23.00 normal drift i sambandet igjen, melder Fjord1.

Feilen skal ligge i kaianlegget i Eidsdal, der det nyleg blei montert ny køyrebru.

Ferjesambandet var innstilt også søndag formiddag. Ei ferje fekk eit teknisk problem og blei tatt ut av drift frå klokka 10.00. Frå klokka 16.15 skulle det vere normalt drift i sambandet, opplyste Fjord1 på sine heimesider.

Ifølge Fjord1 vart «Sykkylvsfjord» då sett inn som ei mellombels løysing i sambandet. Før det altså oppstod eit kortvarig teknisk problem med ferjekaia seint søndag kveld.