Det vert onsdag morgon meldt om trafikkork i Vikane i Volda. Trafikken mot Ørsta står heilt stille.

Årsaka var eit mindre trafikkuhell, ein hjort vart påkøyrd.

Trafikken byrja å gå som normalt igjen etter at bilen vart teken vekk frå vegbana.

Kl. 07.51 vart det meldt at trafikken løyste seg opp.