Rådmann Einar Vik Arset i Ulstein har hatt noko så spennande som Regjeringa sitt framlegg til kommunereform som sengelektyre den siste tida.

Konklusjonen hans er at det er ein tabbe om ein ikkje sørger for at reforma blir stor nok.

– Samanslåing av til dømes Volda og Ørsta eller Hareid og Ulstein gir berre marginalt større slagkraft enn i dag.

Heile Søre

I eit saksframlegg til formannskapet og kommunestyret i Ulstein, foreslår Arset at Ulstein kommune mellom anna skal vedta eit ønske om «betydeleg reduksjon i talet på kommunar i vår region» og at «kommunestyret ikkje er framand for at ein ny kommune kan bestå av alle kommunane på Søre Sunnmøre».

Ønsker lokal makt

Han ser for seg innføring av lokalutval i tillegg til eit overordna kommunestyre som ei mogleg tilnærming.

Desse er også omtalt i forslaget frå regjeringa, og skal tilsvare bydelsutvala som til dømes Ålesund har i dag.

– Med så mange sterke senter som vi har på Søre Sunnmøre, må vi finne ein måte å fordele makta på. Eg ser for meg eitt lokalutval for kvar av dagens sju kommunar. Desse får makt frå kommunestyret til å forvalte saker folk bryr seg om. Det kan til dømes vere dispensasjon til å bygge ei garasje, kva vegar som får ny asfalt, kva skular som treng vedlikehald, seier Arset.

Kombinasjon

Han trur ei stor samanslåing kombinert med lokal makt vil vere ein effektiv kur mot skepsis til å bli slått saman med naboen.

– Med to-tre samanslåtte kommunar får ein fort kjensla av å måtte gifte seg med den middels attraktive naboen. Eg trur ei større samanslåing med lokalutval vil få bukt med slike kjensler. Folk vil framleis føle seg nær lokaldemokratiet og den lokale identiteten. Men vi får samtidig ein overordna kommune som skal utvikle heile regionen slik at vi får stor regional slagkraft og at staten høyrer på oss, seier Arset.

Saka skal opp i Ulstein formannskap tysdag.