– Vi meiner vi har handtert dette på ein profesjonell måte tidlegare år, og er overraska over det negative svaret denne gongen, seier leiar Ingolf Dyrhaug i Studentsamfunnet i Volda til smp.no.

Fekk avslag

Studenthuset Rokken i Volda søkte om å halde ope ein time ekstra tysdag, onsdag og torsdag under fadderveka. Dei ville ha ope til klokka 2, som same opningstid som fredagar og laurdagar elles i året. Tidlegare år har desse søknadene gått gjennom, men i år var svaret nei frå politiet og kommunen.

Han presiserer at Studentsamfunnet ikkje ønsker å starte nokon konflikt med politiet, og at dei håper det gode samarbeidet held fram.

– Få episoder

Dyrhaug seier ønsket til Studentsamfunnet er å skape god stemning og ein positiv sosial arena for nye studentar i Volda, og at problemet med fyll ikkje er spesielt stort under fadderveka.

– Litt fyll blir det sjølvsagt. Men det er snakk om ganske få problematiske episoder. Eg var ikkje her i fjor, men dei som var her fortel at to personar vart frakta til sjukehus i taxi under fadderveka då. Og berre ein av dei var student i Volda, seier han og legg til:

– Sidan dei var inne på Rokken, tok vi ansvar for dei. Vi har rutiner på korleis vi skal handtere slike situasjonar, og vaktene våre har god opplæring. Om dette hadde skjedd på gata, er det ikkje sikkert nokon hadde tatt seg av dei.

Fryktar meir gatefyll

No fryktar Dyrhaug at den tidlege stenginga kan føre til meir gatefyll under fadderveka.

– Tidlegare har folk stort sett vore på Rokken til klokka to, og der er det vakter som passar på. No må vi stenge tidlegare, og då blir det meir folk gatelangs. Det kan hende den tidlege stenginga fører til meir bråk enn det har vore før. Men vi håpar jo at vi unngår det, seier han.