Direkteblogg: Sunnmørsposten følgjer prosessen direkte her (abo)

Vraket det dreier seg om er russiske «Krasnoselsk», som gjekk ned under uvêret «Dagmar» 1. juledag i 2011.

Dei to ankerhandteringsfartøya «Island Valiant» og «Island Vanguard» kom til Hundeidvik i 16-tida og skal prøve å flytte på vraket.

– Dei skal leggje ein kjetting rundt rorhuset på vraket, velte det rundt og drage det lenger ut slik at det ikkje meir blir til hinder for bruk av kaia her, seier kaieigar Bjørn Idar Lyngvær i Sykkylven.

Han legg til at det heile er ein spanande operasjon som ikkje er blitt gjort før. Men han håpar at dei to skipa, som begge er utstyrte med 22.000 hestekrefter, skal klare jobben.

Dersom dei får flytta skipsvraket, vil det bli liggande på 25-30 meters djupne.

I august var førebuingane til arbeidet ferdig.

Lyngvær har tidlegare har anslått at flytteoperasjonen kjem på rundt 800.000 kroner. Sykklylven kommune har løyvd 200.000 kroner til operasjonen.

Suksess

Ved 22-tida vart det konstatert at operasjonen hadde vore vellukka.

– Skipsvraket er no snudd og lagt dit det skal vere. Det skjedde etter ein møysommelig prosess som har teke heile kvelden, opplyser journalist Terje Engåst frå staden.

– Eg har vore på eit møte og kom tilbake akkurat i det eg fekk sett vraket i det det snudde seg, seier ordførar Odd Jostein Drotninghaug.

– Dette må markerast ein av dei næraste dagane, legg han.

– Ein fantastisk innsats av Island Offshore, legg miljørådgjevar Karl Johan Stadsnes til.

– No kan eg endeleg få ta i bruk kaia igjen. Ho har ikkje vore i bruk sidan i desember 2011, seier ein letta kaieigar Bjørn Idar Lyngvær.

– Eg hadde trua i heile kveld, sjølv om trekkekjettingen sette seg fast. Så vi vart litt hefta i nokre timar med det. Men sjølve draginga av vraket gjekk mykje raskare enn eg hadde trudd, legg Lyngvær til.