– Ein kan vel kanskje kalle den for «eks-Nigel» når den kjem til oss, seier vakthavande meteorolog Julie Solsvik Vågane.

Det er eit vêrsystem som kjem over Atlanterhavet og fører med seg fukt, vind og høge temperaturar.

– Det er potensial for høge temperaturar når systemet passerer. Det kan bli ei oppvarming over fjella, som igjen fell ned på Møre-sida og som eit resultat kan det bli høge temperaturar.

Vågane seier at «Nigel» i all hovudsak kjem til å treffe sør for Stadt, men at det kan bli friskt rundt Stadt og Søre-Sunnmøre.

– Ute på kysten kan det bli storm, men Sunnmøre vil ikkje få dei største nedbørsmengdene.

Yr.no viser at det i starten av neste veke kan bli over 20 grader i Ålesund. Men Vågane vil ikkje beskrive fenomenet som noko husmannssommar.

– Men september har vore mild og det vil og bli ei mild avslutning på månaden.