Møre og Romsdal tingrett har dømt ein mann i 40-åra frå Søre Sunnmøre for fleire brot på vegtrafikklova.

Mest alvorleg er ein køyretur mannen la ut på i ei bygd på Søre Sunnmøre i halv fire-tida ein søndag morgon i sommar.

Blodprøve som blei tatt over to timar etterpå viste ein promille på 3,63.

Retten peikar på at dette er svært høg promille, som i seg sjølv inneber stor fare for skade på liv og helse og for materiell skade.

Mannen er også funnen skuldig i å ha køyrt uregistrert bil på turen, og han hadde heller ikkje førarkort. Dette fordi han tidlegare var frådømd førarkortet.

Han var også tiltalt for ein annan køyretur som enda med eit trafikkuhell i fjor sommar. Blodprøver som blei tatt etterpå viste at han då hadde 3,71 i promille, men retten kan ikkje sjå vekk frå at promillen kjem frå alkohol som mannen drakk etter uhellet. Difor blir mannen frifunnen på dette punktet.

Men mannen er dømd for å ha drukke alkohol etter trafikkuhellet, fordi han måtte forstå at det kunne føre til politietterforsking.

Straffa er sett til 75 dagar fengsel, men han har fått to år prøvetid med det vilkåret at han gjennomfører program mot ruspåverka køyring. Kriminalomsorga meiner han er i målgruppa for eit slikt program, og han har sjølv gitt samtykke til å vere med.

Mannen er også dømt til å betale ei bot på 5.000 kroner.