I april er det NM for ungdomsbedrifter i Lillestrøm. Fire ungdomsbedrifter frå Møre og Romsdal er invitert med og er klare til dyst. I Molde var det Fylkesmesse for Ungdomsbedrifter på onsdag og dei beste er kåra. Tre av fire er i frå Sunnmøre, og den siste bedrifta er i frå Romsdal.

Hald deg oppdatert - følg smp.no på Facebook.

Totalt stilte 83 ungdomsbedrifter på Fylkesmessa til Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal, og dei konkurrerte i 17 konkurransar. Juryen bestod av over 90 personar frå næringslivet, blant dei var Utdanningssjef Rune Solenes Opstad.

– Eg prioriterer å vere med på Fylkesmessa, det gjev meg mykje og det er kjekt å møte både elevar og lærarar, seier Opstad.

Vinnarane og representantane til NM i Lillestrøm er:

Beste Ungdomsbedrift: Brød-rett-hjem UB, Stranda vgs.

Wild card: Husgjengen UB ved Sykkylven vgs, og Look Up UB frå Ulsteinvik vgs.

Vinner av innovativt produkt: Sea Level UB, Romsdal vgs.

Sjå heile resultatlista her:  Sunnmøre visar vinnarpotensial i Fylkesmesse for Ungdomsbedrifter