Brannvesenet har rykt ut til Lingedalsvegen i Molde, der eit batteriskap skal ha eksplodert.

Det er røykutvikling på staden, melder 110-sentralen for Møre og Romsdal.

– Vi har rykka ut til ein bedrift i Lingedalsvegen etter at det smalt i eit batteriskap. Det var ein del røyk på staden, og røykdykkarar er inne no for å sjå om det er open eld som må sløkkast. Vi har ikkje høyrt noko meir førebels, seier vaktleiar Nils Bjerknes til Romsdals Budstikke.

– Brannvesenet har fått fjernet batteriskapet og lufter ut lokalene, melder brannvesenet klokken 15.45.