Det sa Tone Oppedal, avdelingsdirektør i Statens vegvesen Region Vest, på eit vegseminar i Geiranger måndag. Dette er det såkalla B1-alternativet.

Den lange tunnelen til ca. 3,8 milliardar kroner skal avlaste dagens smale tunnelar på riksveg 15 over Strynefjellet. Tunnelen vil få tre felt, altså krabbefelt.

(saka held fram under)

Les også: Nye planar for heilårsveg til Geiranger

Påkoplinga til ein 7,6 km lang tunnel til mot Geiranger skal skje i eit t-kryss i tunnel. Denne sidearma skal gje Geiranger heilårsveg, og vil koste 1,6 milliardar kroner. Denne tunnelen får ikkje så stor trafikk at det er krav til krabbefelt.

foto
Tone Oppedal i Statens vegvesen Foto: Terje Engås

Alternativ til E39 og E136

- Ei løysing med oppgradering av vegen over Strynefjellet, og med ei arm til Geiranger, vil lette på trykket til E39 og E136.

Det seier fylkesordførar Jon Aasen (Ap). Han innleia vegseminaret i Geiranger måndag.

Aasen seier at den nye vegløysinga vil avlaste ferjesamband, og den vil styrke konkurransekrafta til eksportindustrien på søre Sunnmøre.

- Dessutan vil ein kunne betre utnytte potensialet til både Kvivsvegen og Eiksundsambandet, seier Jon Aasen.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no