Far til barnet opplyser til Fjordenes Tidende fredag at alt gjekk fint med barnet.

– Han vart flydd til Haukeland og kom frå det med mindre skader. Guten har det etter forholda bra og får kome heim i dag, seier far til barnet.

Det var torsdag ettermiddag like før klokka 18.00 at Vest politidistrikt melde at dei rykte ut til ei trafikkulukke på Nordfjordvegen. Ulukka skjedde i Deknepollen.

– Eit barn er påkøyrt. Barnet er vaken og pårørande er på staden, opplyste politiet.

Klokka 18.10 melde politiet at naudetatane er på staden.

– Dei involverte i ulykka er ein personbil og barnet, sa operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt til Sunnmørsposten.

Vest politidistrikt opplyste klokka 18.26 at barnet vart frakta til Førde, uvisst om det var til legevakt eller sjukehus.

– Pårørande blir med. Barnet er vaken, uvisst skadeomfang utover det, sa operasjonsleiar Steinar Hausvik ved Vest politidistrikt.

Ulukka skjedde i nærleiken av Måløy vidaregåande skule, og politiet opplyste at barnet kom springande, sklei ut i vegbana og vart då påkøyrt av ein personbil.

– Det er ikkje mistanke om promillekøyring. Skadeomfanget er framleis ukjent. Barnet var vaken og bevisst etter ulukka, sa operasjonsleiar Steinar Hasuvik.