Tidlegare i veka fortalde fleire augevitne at dei var rysta over køyringa til ein sjåfør som køyrde ein turbuss tilhøyrande det svenske selskapet Bergvara.

Dette er det same selskapet som var involvert i Fardal-ulykka i august i fjor, der 24 år gamle Karoline Eidslott Svinø frå Ålesund og ei ung kvinne frå Taiwan omkom.

No har selskapet teke sjåføren som vart skulda for uforsvarleg køyring tidlegare denne veka ut av trafikk, melder NRK Sogn og Fjordane.

Reagerte med vantru

Mor til Karoline, Mette Eidslott, fortalde til NRK fredag at ho reagerte med vantru då ho såg medieoppslaga om køyringa denne veka. Ho fryktar selskapet ikkje har lært av ulykka i fjor.

– Slike val som bussjåføren tok, det er ikkje anna enn fullstendig galskap. Det er respektlaust overfor folk og liv du fraktar, sa Eidslott til NRK.

Smp.no har vore i kontakt med Eidslott laurdag. Ho ønsker ikkje å kommentere saka utover det ho allereie har sagt til NRK og Sogn Avis.

– Køyrde ikkje forbi nokon

Administrerande direktør Göran Mellström skriv i ein e-post til NRK at dei set tryggleiken i høgsetet. Sjåføren har ifølge selskapet lang erfaring med køyring i utlandet, og så i Norge.

Han har tidlegare uttalt at han ikkje køyrde forbi nokon bilar. Denne forklaringa held han framleis fast på.