– Det heile er blitt meir komplisert og dyrare enn vi først trudde, seier prosjektleiar Pål-Henrik Lukashaugen i Telenor.

Ikkje i år

Han legg til at det difor er heilt sikkert at det heller ikkje i år blir full mobildekning her.

Les også: Utan mobilsamband på turistveg

Viktor Valdal, lokalpolitikar for Tverrpolitisk liste i Norddal, er skuffa – men håpar framleis.

– Det har vore ein del att og fram. Men sjølv om det ser litt vanskeleg ut no, så er eg framleis optimist.

Det var Valdal som i 2013 tok opp saka om den manglande mobildekninga på delar av den populære turistvegen.

Lokalt bidrag

Telenor tok saka, og meinte det var mogeleg å få låne seg plass på mastene til det planlagde naudnettet Motorola skal setje opp for Direktoratet for nødkommunikasjon. Men Telenor sa at det vart dyrt, og meinte ein også lokalt måtte bidra økonomisk.

Og det har dei gjort. Norddal kommune og Rauma kommune har vedteke å betale til saman 250.000 kroner til investeringar, og 50.000 kroner årleg til drift av systemet. Vidare går Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen inn med 50.000 kroner kvar til den årlege drifta.

Eit anna hinder var at det skulle byggast i Reinheimen nasjonalpark. Men her har nasjonalparkstyret gjeve løyve til bygging av naudnettanlegg ved Trollstigen.

Stort

– Det viser seg at utstyret for mobilnettet blir for stort og tungt til det planlagde anlegget til naudnett, forklarer prosjektleiar Lukashaugen i Telenor.

Men han seier samtidig at dei slett ikkje har gjeve opp:

– Vi har tillyst eit nytt møte med Motorola/direktoratet i august for å finne ei løysing. Så målet vårt er no å få på plass ei mobildekning her til neste sommar, seier Pål-Henrik Lukashaugen i Telenor.

I fjor var det 810.000 turistar som vart registrerte på Trollstigen. Det er ny rekord. Foto: TERJE ENGÅS