Filma ulven på nært hald

Ole Andreas var på ulvejakt med kamera - og fekk full klaff.

Ole Andreas Eide Ljøen filma ulven i Sykkylven på nært hald med mobiltelefonen.

Nær huset Trine Tafjord Klokk og ektemannen Kjetil såg ulven ved den raude ringen på andre sida av vegen for huset deira i Ramstaddalen seint søndag kveld. Foto: Google streetview 

To jaktlag Ove Nordang i viltnemnda på Stranda var med å organisere to ulvejaktlag i Stranda etter at ein sauebonde på Hellesylt fann ti drepne dyr som truleg er tekne av ulv.  Foto: Terje Engås

Gått nordover Frå Stranda har truleg ulvedyret teke nordover til den vart filma i Søvikdalen (merka 1) og noko tidlegare observert rett aust i Ramstaddalen. Kart: Googlemaps 

Fann drepne dyr Sauebonde Per Kjell Leite har funne til saman ti drepne dyr. Mistanken er at ulven har teke dei, men dette er ikkje slått fast søndag.   Foto: Terje Engås

Indre

Seint søndag kveld vart ein ulv sett av fleire bebuarar i Sykkylven. Ole Andreas Eide Ljøen filma til og med det som etter alt å døme må ha vore dyret - på få meters avstand i Søvikdalen.

Truleg er det same dyret som har vore observert fleire stader i Stranda dei siste dagane - og som fylkesmannen gav fellingsløyve på.

– Eg og to kompisar køyrde ut for å så sjå om vi fann ulven. Brått dukkar den oppe få meter frå bilen. Det var litt av eit adrenalinkick, seier Ljøen til smp.no.


Etter få sekund la dyret på sprang og forsvann: – Det er både garder og bustadhus i nærleiken, og den sprang opp mellom fleire hus, seier Ljøen om hendinga som skjedde rundt midnatt søndag.

Såg ulven rett ved huset

Litt tidlegare, ved 22.15-tida søndag, såg også Trine Tafjord Klokk rovdyret lengre aust i  Ramstaddalen. Ho og mannen Kjetil Klokk oppdaga dyret fordi hunden knurra då dei var ute ved huset.


Lam drepne på Hellesylt

Bonden mistenker at dei er tekne av ulv.

– Den var rett over vegen for huset. Det såg ut til at han oppdaga oss, og då rusla han bak løa og forsvann, seier ho.

Dei gav så raskt som råd beskjed til dyreeigarar som har sauer ute på beite, og ein som har fleire hestar ute i området.

Gått nordover

Med andre ord har ulven gått nordover frå Stranda - og teke seg inn i eit område der det førebels ikkje var gitt fellingsløyve søndag.

– Vi kontakta viltnemnda i Sykkylven, og fekk opplyst at fellingsløyve berre er utstedt for Stranda, fortel Kjetil Klokk.


Ti lam og sau tekne av rovdyr i Stranda

Mistanke om at er ulv har vore på ferde i Sunnmørsbygda.

Rundt midnatt søndag venta difor viltnemnda på beskjed frå fylkesmannen, for å finne ut korleis det kan organiserast ulvejakt der i området.

Jegerar på post

To jaktlag drog ut på ulvejakt i Stranda søndag kveld, etter at det vart gitt fellingsløyve - og ein sauebonde fann ti drepne dyr som truleg er tekne av ulven.

– Det er ikkje noko problem å få folk, men det vert som å finne nåla i høystakken. I natt kjem vi til å postere folk der det har vore sauer. Når ulven først har teke dyr, vil den truleg fortsette med det, sa Ove Nordang ved viltnemnda i Stranda til smp.no søndag kveld.

Nordang legg til at dei som driv med sau opplever situasjonen er ubehageleg - av frykt for dyra - men meiner det ikkje er grunn til uro for folk som bur i området.

– Venta ulveangrep

Odd Bjarne Bjørdal, leiar i Møre og Romsdal sau- og geit, meiner at med den rovdyrpolitikken  som er blitt ført i Norge over fleire år, med SV i spissen, så var det berre eit tidsspørsmål før det kom ulv også til Sunnmøre.


– Det er beklageleg det som har skjedd med desse daude lamma og sauene. Men det er noko vi lenge har frykta, sa Bjørdal til smp.no søndag.

Han seier det er godt over hundre år sidan sist det var ulv som herja på Sunnmøre.

Det er ikkje endeleg slått fast at det var ulv som tok dyra, men ekspertar som har sett på kadavra, seier skadene stemmer med ulveangrep.

Ulvebestanden i Skandinavia er som du ser av bildet konsentrert i midt-Sverige, og med ulvepar i Hedmark, Østfold, Akershus og Oslo. (Kilde: Forskningstall fra Rovdata 2012)

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Indre