– Vi måtte hatt 14 kakelotteri for å vege opp inntektene her, seier Solveig Storeide, dagleg leiar i VTI Fotball.

For andre år på rad inviterer dei til storkonsert i Mørehallen. Denne gongen blir det dobbelkonsert. Først med DDE og deretter med Loveshack.

Billettane går unna

Fjorårets konsert med Hellbillies blei ein suksess med litt under 2.000 betalande. I år reknar Storeide med at dei bikkar 2.000 og at det blir nærare utselt. Det vil seie 2.500 billettar. Billettane går meir unna no enn på tilsvarande tid i fjor.

Berre billettinntektene kan dermed kome over ein million kroner. Men alt er sjølvsagt ikkje netto. Det er også store utgifter med eit slikt arrangement. Ifølgje Storeide sat VTI Fotball igjen med mellom 400.000 og 500.000 kroner etter konserten i fjor.

Meir arbeid bak kronene

VTI Fotball arrangerer også ein fotballcup som gir om lag 200.000 i inntekt. Men her er det meir arbeid bak kvar krone. Rundt 250 funksjonærar er med i om lag fire timar kvar.

På konserten tek ein inn det doble og har færre folk som jobbar dugnad.

– Timeløna blir dermed noko heilt anna, seier Storeide.

Viktig sosialt

I tillegg til at konserten gir verdifulle inntekter, er også det sosiale viktig. Foreldre som stiller mykje opp elles, blir skåna på konserten og kan kose seg som publikum.

– Vi gir eit kjempearrangement til foreldra og dei slepp unna dugnad laurdag kveld og tidleg søndag, fortel Storeide.

Laurdag kveld er det seniorspelarane som vil dra lasset.

Gratis ferje

Det har vore mykje dugnad på førehand. Blant anna må det leggjast parkettgolv over kunstgraset inne i hallen. Då G14 og G16 kom mannsterke onsdag kveld, gjekk det unna.

Det blir ikkje gratisbillettar til alle som er med på dugnad, men dei blir tilgodesett når treningstider skal fordelast.

– Vi prioriterer dei som hjelper til med arrangement, seier Storeide og legg til at hallen er heilt full, med bruk i alle «vakne» timar.

Konserten er eit stort arrangement, som samlar folk også frå nabobygder. Og det er sett opp gratis nattferje frå Volda til Lauvstad og Folkestad.