«Geir» er ikkje så god til å lære matte og norsk og engelsk fordi hjernen hans verkar på ein anna måte.

Men han er veldig flink til mykje anna som bilmerke, spelet Villkatten og til å få oss til å le.

Eg er veldig glad i å vere saman med «Geir» og han er ein veldig snill gut.

Då eg fekk sjå lista over den nye klassa som eg skulle ha på ungdomsskulen, blei eg veldig glad då eg såg at eg framleis skulle gå i klasse med «Geir».

På barneskulen var han det meste av tida på grupperom i lag med ein vaksen, men fleire gongar i veka fekk 2–3 elevar vere inne hos han i skuletimane. Då brukte vi å spela spel, leike og nokre gonger laga me noko godt til klassen. Om lag ein gong i veka brukte «Geir» å vere ilag med heile klassa. Då kunne me jobbe medan han kom rundt i klasserommet og fekk oss i godt humør.

Men sånn er det dessverre ikkje på ungdomsskulen.

«Geir» er nesten alltid aleine med ein vaksen inne på grupperommet. Det synest eg er dumt både for han og for oss andre i klassa.

«Geir» kan ikkje lære fag på same måte som oss, men han kan lære oss ein del anna som lærarane ikkje kan lære oss fordi han tenker på ein annan måte enn alle andre.

På barneskulen hendte det når klassa krangla og alle var sure, så kunne «Geir» komme inn og få oss alle til å smile og le og bli venner igjen berre fordi han er den han er.

Derfor synest eg det er veldig dumt at dei andre i den nye klassa ikkje har fått moglegheita til å bli kjent med han. Når me er så heldig å ha «Geir» i klassen må vi få vere i lag!

PS. Foreldra til «Geir» har godkjent dette innlegget.