Familiefaren i 30-åra er i tingretten dømd til sju år og sju månader i fengsel, samt til å betale til saman 540.000 kroner i oppreisingserstatning til dei tre barna.

Mor til barna er dømd til tre år og ni månader i fengsel. Ho er dømd til å betale til saman 380.000 kroner i oppreisingserstatning.

Mishandling

Saka handlar både om seksuelle overgrep og om vald og krenkingar i familien.

Foreldra er også dømde for vald mot barna, gjennom fleire år.

Retten legg vekt på at valden var langvarig, med klar karakter av avstraffing. Mishandlinga har vore smertefull.

I dommen går det fram at barna har levd i eit strengt regime, der vald mot ein eller alle i periodar skjedde dagleg eller i alle fall kvar veke.

Retten har vurdert om det er formildande at mor kjem frå eit land der det skal vere meir vanleg at foreldre slår barn, men har kome til at dette ikkje kan vere formildande.

Planla og filma overgrep

Retten finn det straffskjerpande at overgrep har skjedd av barna sine næraste omsorgspersonar og at dei har gjort seg skuld i grove tillitsbrot.

– Kvar gong nokon opnar ein ny elektronisk kopi av biletet, vil dette vere eit nytt overgrep overfor fornærma, heiter det i dommen.

Frådrag for tilståing

Aktor la ned påstand om fengsel i åtte og eit halvt år for mannen, men tingretten har valt å legge større vekt på tilståinga som mannen har kome med. Det blir peika på at det er svært uvanleg at den som er tiltalte i ei overgrepssak tilstår, særleg i eit slikt omfang som i denne saka.

Til frådrag i straffa går den tida dei to tiltalte har vore fengsla. For mannen sin del gjeld dette 435 dagar, sidan han har vore fengsel sidan han blei pågripen. Kvinna sat 29 dagar i varetekt då ho blei pågripen, og dette går til frådrag i straffa.