Mannskapet på «Bourbon Orca» som har fått stor merksemd for sine mange bergingsaksjonar i Middelhavet. Som Sunnmørsposten melde onsdag så er oppdraget i Middelhavet no avslutta.

No kan fleire av mannskapet måtte skifta fartøy. I verste fall kan også nokre av dei ende utan jobb.

Det skjer fordi Bourbon Orca skal skifte flagg, frå NOR til NIS, i samband med at båten skal til oppdrag i Sør Amerika.

Kommentar: – Takk for en hjerteskjærende historieLes også: Heidra for redningsinnsats (krever abonnement)

– Vedkomande land kan krevje at folk frå dette landet skal om bord som mannskap, og dersom det skjer, må mannskapet på Bourbon Orca over på andre båtar i reiarlaget.

Det seier Bjørn Idar Remøy som er dagleg leiar i Bourbon Offshore Norway.

– Dersom dette fører til oppseiingar i reiarlaget, skal det skje etter ansiennitet, seier han.

Les reportasje: Med plikt til å hjelpeBildeserie: Se Bourbon-mannskapenes egne bilderLeder: Må bidra med mer til flyktninger i nød

«Bourbon Orca». ARKIVFOTO: STAALE WATTØ