– Dette er verst for bedriftene på øyane. Det seier Guttorm Kjerstad idet han hoppar om bord i småbåten til faren Magne Kjerstad som har henta han og nokre kameratar på Skjelten ferjekai, onsdag ettermiddag.

Reserveferje

Dermed må nokre folk vente til båten har tatt ein rundtur mellom øyane og kome tilbake.

Dessutan kunne snøggbåten gått opp om den gamle rutebåtkaia på Skjelten, for snøggbåten stryk jo forbi her både på nord og sør.

Andre vi møter på kaia, seier at dei må reise hit, for her står bilen som dei brukar når dei skal vidare på arbeid.

I det daglege slit dei med at det ikkje alltid er plass å få på ferja. Kan hende vert det betre neste år då her skal gå to ferjer.

Folk frå eit firma seier at dei har hatt møte med folk frå fleire stader og at dei hadde ordna seg med skyssbåt.

Då vi var på kaia eit stykke ut opp dagen, var der rolege tilstandar, for folk visste kva som hadde skjedd.

Men sist gong det var ferjestopp; ein fredag for snart ein månad sidan, var det fullt kaos. Då kom stoppen bardus på dei reisande.

Onsdag ettermiddag har eit anleggsfirma sett frå seg tungt utstyr på kaia, og nyttar den ledige stunda til å gjere eit arbeid nord i Midsund.

Vareruta

Men ein lastebil står der. Det er vareruta til øyane med Roy Fylling bak rattet.

– Bilen er lasta med mat til butikkane og til kantina på Rolls-Royce. Meininga var at eg skule ha med varer tilbake frå Rolls-Royce som skulle i konteinar på Skutvikterminalen tidleg torsdag morgon, seier han.

Han synest at det byrjar å verte ofte at han må stå att på kaia.

- Det er litt paradoksalt at det mest avanserte skipsutstyr som vert laga i dag, står att på kaia fordi ei 40 år gamal velbrukt bilferje har motorproblem.

Anbod

– Dette er vel berre å rekne med når dei vel det billegaste anbodet. Billegast pris gjev billegast ferje, er det andre som seier.

Reisande som skulle heim att etter arbeidsdagen, seier at det kom ei stor svart sky ut av pipa på ferja då ho fekk stoppen tidleg onsdag morgon.

– Men kva gjer folk når her berre går ein skyssbåt som tek 12 personar?

– Folk er att på øyane. Dei som ikkje treng reise let det vere, seier folk som meiner at det var for dårleg informasjon om morgonen.

– Vi på øyane er altfor snille, seier nokre.

Men utover dagen hadde det nye lysskiltet til fylkeskommunen fått med seg at rutene i ferjesambandet var kansellerte.

– Nordøyvegen er løysinga, seier ein av dei reisande.