Rapporten er omtalt i Sunnmørsposten onsdag 14. desember.

Vi har fått signal om at reportasjen i Sunnmørsposten kan oppfattast som ei åtvaring mot å kontakte barnevernet. Ei konkret barnevernssak er i same avis sett opp side ved side av saka om forvaltningsrevisjonsrapporten. Dette er etter mitt syn redaksjonelt uheldig og kan skape eit inntrykk av ei kopling mellom desse to sakene. Det kan vere grunn for lesaren å spørje seg; kva er saka her?

Truleg har det ikkje vore Sunnmørsposten sin intensjon å generalisere med ei åtvaring mot å bruke barnevernet ut frå dekning av ei enkeltsak.

Dersom det vert oppfatta slik blant folk flest og i verste fall blant dei som har behov for tenester frå barnevernet, så kan det vere grunnlag for at dette vert sett nærare på av overordna barnevernmynde som Fylkesmannen eller Helsedirektoratet. Desse instansane får jamleg rapportering frå barnevernet, og er dei som er tillagt ansvar for å føre tilsyn med at barnevernet har forsvarlege tenester.

Den konkrete barnevernssaka i Sunnmørsposten er einsidig dekt utan at det har kome fram opplysningar frå barnevernet i den aktuelle kommunen.

(saka held fram under)

Les også:

Avdekka dårleg oppfølging av barnevernsbarn

Politikarane uroa over situasjonen i barnevernet (for abonnentar)

Turte ikkje be om hjelp frå barnevernet (for abonnentar)

Dei tilsette i barnevernet rundt omkring i landet opplever auka personleg belastning ved å verte eksponert med sjikane i sosiale medieportalar.

Som arbeidsgjevar er eg uroleg over denne utviklinga, og dersom dette held fram kan vi få vanskar med å halde på folk og rekruttere folk som vil vere villig til å stå i denne stormen. Barnevern handlar om noko av det mest sårbare og kjenslevare som røyver ved familiar og enkeltpersonar.

Dette er viktig å ha respekt for, og det er derfor vi har gode system som ivaretek rettssikkerheita og enkeltindivida gjennom statleg tilsyn, rettsleg overprøving mv. Dette er viktig, og barnevernet må alltid ha som målsetting å utvikle rutiner og sin kompetanse for å ivareta barnets beste, som det overordna i barnevernslova.

Volda kommune som vertskommune finn det tenleg å gi litt nyansert informasjon knytt til problemstillinga som artikkelen reiser.

Forvaltningsrevisjonen omhandlar åra 2013 - 2015. Det er alltid ei utfordring med analyser bakover i tid at dei vert presentert i media som nosituasjon.

Kommunane Hareid, Ulstein, Ørsta og Volda konkluderte etter ein lang prosess å slå saman barnevernet, for å byggje ei sterkare og mindre sårbar teneste. I 2013 var drifta av barnevernet i den enkelte kommune. Etableringa skjedde i 2014.

(saka held fram under)

Dette året var lokaliseringa desentralisert, noko som vanskeleggjorde å operere som ei samla barnevernteneste. 2015 var første driftsår, og året gjekk med til flytting og oppbygging, samstundes som ein tok i vare barna og familiane som trengte hjelp.

Det er greit å ha med seg denne nyanseringa når ein skal vurdere barnevernsamarbeidet bakover i tid. Barnevernet er ei svært viktig teneste, og barnevernstenesta for Søre Sunnmøre arbeider systematisk for å betre sine tenester.

Dette har vore fokus i samband med dei faste rapporteringane til Fylkesmann, SSB og til kommunane sine styrande organ.  I nemnde rapport er det konkludert med at oppfølging av omsorgsbarn ikkje er god nok, og at det må gjerast tiltak for å betre dette.

Barnevernstenesta er samd i tilrådinga i rapporten, og har varsla at ein allereie for 2016 kjem til å rapportere om klare endringar og forbetringar, både på dette og på fleire andre område av tenesta.

Oppfølging av omsorgsbarn har i mange år vore eit av fleire område der barnevernstenesta ikkje har klart å følgje opp alle krava i barnevernslova. Dette er også eit landsomfattande problem. Barnevernstenesta har ei utfordring med at store barnevernssaker utgjer arbeidstoppar som legg beslag på store ressursar medan desse sakene pågår. Det er ikkje dimensjonert for buffer i bemanninga til å ta unna desse sakene parallelt med oppretthalding av full aktivitet på alle andre område.

Krava til å stette lova på alle områda er likevel der uansett. Barnevernet vert nødt til å prioritere. Denne situasjonen kan samanliknast med politiet når dei får store ressurskrevjande saker.

Situasjonen med manglande oppfølging av omsorgsbarn har ikkje vore tilfredsstillande, heller ikkje for barnevernstenesta som institusjon. Derfor er det viktig at dette vert lyfta opp og prioritert.

Dei fire tenestene i «våre kommunar» arbeidde fram til 2014 etter ein «generalistmodell», der alle tilsette utførte alle arbeidsoppgåver. Oppfølging av fosterbarn har truleg lidd under dette, der ein for eksempel erstatta to av fire fysiske besøk med telefonkontakt.  Dette for å unngå lange og krevjande reiser når ein visste at alt var i orden med både barn og fosterforeldre, og det var andre presserande oppgåver som kravde sitt.

Våre fosterbarn bur dessverre rundt om i store delar av Sør-Noreg, og fire besøk i året krev både tid ressursar. Men det er 4 fysiske besøk som lova krev (i enkelte høve berre 2).

Etter at vi vart ei interkommunal teneste, har vi organisert oss annleis, som ein lekk i å etablere ein organisasjon som arbeider meir effektivt, og der alle tilsette har eit avgrensa arbeids- og ansvarsområde. Det er utarbeidd rutiner, der avvik vil bli oppdaga, og der barnevernet får betre oversikt over ulike tilhøve.

For dei barna som ikkje bur hos sine biologiske foreldre, er det no ei eiga gruppe fagpersonell med eit særskilt ansvar for oppfølging og ivaretaking av desse. Ei slik organisering og disponeringa av personalressursane gir generelt ei betre oversikt over kva delar av tenesta barnevernet har manglar. Dette gjeld også for oppfølging av fosterbarn, deira biologiske foreldre, overhalding av tidsfrister og andre tilhøve som er mogleg å telle.

Målet vårt er sjølvsagt å stette alle krava i barnevernslova.  Barnevernet for Søre Sunnmøre har også eit mål  om at «våre» omsorgsbarn i større grad enn før skal kunne bu nærmare, helst i vårt eige fylke, slik at det blir enklare å følgje opp både fosterheimen, barna, og kontakten med deira biologiske familie.

Tilsyn og konstruktiv attendemelding vil medverke til læring og utvikling. Det er viktig at vi har dette fokuset for å utvikle barnevernet til å ivareta barnets beste i alle samanhengar.