Alle kommunestyra på Søre Sunnmøre har vedteke at dei innan sommaren vil ha ein status for korleis dei alvorlege funna om svikt i barnevernet blir følgt opp.

Refsa samarbeidet

Dei mest oppsiktsvekkjande opplysningane i Ulstein, kom frå leiar Ivar Mork i kontrollutvalet, som meinte at revisjonen hadde hatt vanskelege arbeidsforhold då dei skulle undersøke forholda i den interkommunale tenesta i Ulstein, Hareid, Volda og Ørsta.

– Det er rimeleg klart at samarbeidet ikkje har vore det beste. Det er på ingen måte lagt godt til rette for at revisjonen skal få utføre dette arbeidet, snarare tvert om, sa Mork frå talarstolen – og bad kommunestyret ta rapporten på største alvor.

Mork fortel til Sunnmørsposten at dette har blitt opplyst i ope møte i kontrollutvalet, men at han ikkje vil opplyse kven kjelda er.

Undrande barnevernsleiar

Søre Sunnmøre kommunerevisjon har som prinsipp at dei ikkje uttaler seg om avslutta rapportar, og ingen vil difor seie noko om saka.

Barnevernsleiar Brynhild Solvang stiller seg spørjande og undrande til påstandane, og seier dei har gitt alle opplysningar revisjonen har bedt om – og som har vore relevant for problemstillingane.

(saka held fram under)

Les også:

Avdekka dårleg oppfølging av barnevernsbarn

Turte ikkje be om hjelp frå barnevernet (for abonnentar)

Innlegg frå rådmannen i Volda: Fokus på barnevern

Les rapportane under saka

Meir pengar?

Ein rekkje politikarar frå ulike parti gjekk på talarstolen og gav uttrykk for at dei var uroa over funna. Både Ottar Kaldhol (Ap) og Trond Berg (KrF) i Ulstein tok til orde for at ein måtte vurdere å bruke meir pengar på området.

– Om det er snakk om ressursar, så får vi manne oss opp og gi dei pengane som skal til for å få orden på dette, sa Kaldhol.

Han oppmoda ordføraren om å ta kontakt med sine kollegaer for å «bøte på dei hola som tydeleg er i dette sikkerheitsnettet».

Det var ei oppmoding ordførar Knut Erik Engh (Frp) ville ta med seg:

– Barnevernet gjer utvilsamt mykje bra, men rapporten viser at det er ting å ta tak i, svara han.

– Uheldig i media

I Hareid meinte Ottar Røyset (H) at saka var uheldig framstilt i media, og at det kunne oppfattast som at rapportane skildra situasjonen i dag.

Barnevernsleiaren har opplyst at situasjonen har betra seg sidan tidsperioden undersøkingane gjelder.

– Eg er overtydd om at dei har teke tak i dette, sa Røyset.

(saka held fram under)

Ordførar Anders Riise (H) påpeika at det handla om menneske, også dei tilsette:

– Men når rapporten viser at Hareid har lite tiltak i ein tidleg fase, så har vi ein veg å gå, påpeika han.

Plassert langt vekk

I Herøy hadde politikarane merka seg at dei kom noko betre ut enn nabokommunane, og fleire meinte valet om å ha ei frittståande barnevernsteneste – slik som i Sande og Vanylven – truleg var rett.

Kjell Runde (Folkelista) hadde likevel merka seg at mange av barna som blei tekne frå familien, blei plassert andre stader i landet:

– Dei fleste vert ikkje plassert i nærleiken av slekt og familie. Det synest eg er alvorleg, sa Runde og oppmoda om at det vert gjort.

(saka held fram under)