– Eg stolar ikkje på barnevernet lengre, og det har gjort at eg blei redd for å krevje det guten eigentleg hadde krav på, seier den spedbygde kvinna når ho skal fortelje om korleis familien har hatt det dei siste åra.

Kvinna har eineomsorga for sonen som nærmar seg myndig, og har særskilte behov. I tillegg har ho to andre barn. Barnevernet kom tidleg inn i livet til guten etter at faren døyde. Mora bad om hjelp frå barnevernet, i første rekkje avlasting.

Etter kvart opplevde ho at det blei ein kamp for å få hjelpa ho hadde krav på – og bevise eigen omsorgsevne. Etter at barnevernet gjekk inn for at ho skulle misse omsorga for sonen, turte ho ikkje lengre «stå på krava».

Kritisk sakkyndig

Kvinna nyttar ikkje store ord, men det skin gjennom at situasjonen har tæra på kreftene.

Ho sukkar og ser bort på sonen: – Det er klart du blir sliten. Det er tøft.

Ein sakkyndig påpeiker óg i ein rapport til barnevernet for tre år sidan at mor er sliten. I konklusjonen er han likevel heilt klar på at eit brot i forholdet mellom guten og mor ved omsorgsovertaking, vil føre til «traumatiske opplevingar av ein slik art og grad at dette vil kunne gi alvorlege psykiske og utviklingsmessige vanskar» hos guten.

Kort tid før meinte barnevernet at det beste for guten ville vere at han blei plassert i ein fosterheim, etter ei periode på institusjon, og ville ta omsorga frå mora.

(saken fortsetter under)

Vanskeleg med besøksheim

Ei barndomsvenninne av mora er verje for sonen, og var ei tid besøksheim for guten. Men grunna arbeidssituasjonen i avlastingsheimen måtte dei i 2010 seie frå seg avtalen med besøk ei helg i månaden.

– Då takka barnevernet nei til at han kunne kome annakvar månad til dei fann noko anna, så brukte dei fire år utan at dei klarte å finne nokon andre, seier avlastingsmora oppgitt.

Det var mot slutten av denne perioden at barnevernet meinte at mora ikkje lengre var i stand til å ta vare på sonen. Og det neste året gjekk mora i frykt for at barnevernet skulle ta sonen.

Missa skulegang

Guten har opp gjennom livet fått fleire diagnosar og ein merkar i samtale med guten at han ikkje er heilt A4. Samstundes snakkar han ope og gjennomtenkt over eigen situasjon. Om tunge og sinte tankar, og korleis det av og til er vanskeleg å kommunisere. Han seier at hovudet er som eit hus med mange dører, også har han ikkje alltid nøkkel til alle dei rette dørene.

(saken fortsetter under)

Sidan guten slutta på ungdomsskulen etter berre få månader, har han knapt gått på skule. Mora meiner guten ikkje har fått den hjelpa han treng frå psykiatrien.

Også den sakkyndige er kritisk til at guten ikkje er følgt opp meir frå det haldet. Guten vil ikkje lengre søve vekke, og difor må den som skal vere avlasting, inn i heimen. Eit forslag om at søstera kan vere avlastar er ikkje komen på plass. Ein trøyst er at mora nyleg fekk beskjed frå barnevernet at saka om guten var avslutta frå barnevernet si side.

Oppdatert: Rådmann Rune Sjurgard i Volda har i eit lesarinnlegg peika på at denne saka er «einsidig dekt utan at det har kome fram opplysningar frå barnevernet i den aktuelle kommunen».

Sunnmørsposten presiserer difor at redaksjonen har hatt tilgang på omfattande dokument i saka - også frå barnevernstenesta - for å sikre at det som står i artikkelen er korrekt. Det var uheldig at dette ikkje gjekk fram av den første versjonen av saka.