Sunnmøringen har snakka med styreleiar i Åknes/Tafjord IKS. Han er godt nøgd med stortingsvedtaket om fjellskredsenteret, som gjer at staten tek over fullt og heilt frå januar 2015.

- No er ein lang kamp vunnen, og det er ei gedigen julegåve til alle innbyggjarane her, seier Frank Sve, som har hatt det organisatoriske ansvaret heile tida.

Åknes/Tafjord IKS har òg vore dei som har overvaka det rasutsette fjellpartiet Mannen i Romsdalen.

<strong>Styreleiar:</strong> Frank Sve seier stortingsvedtaket er ei gedigen julegåve.