Politiet opplyste måndag at dei hadde teke fem mistenkte menn etter fleire innbrott på Sunnmøre den siste tida. Men grunna manglande fengselsplassar, blei to av menna lauslatne.

Det får Skodje-ordføraren til å sjå raudt:

Ordførar Dag olav Tennfjord. Arkivfoto

– Eg finn det lite tilfredstillande at Sunnmøre må leve med denne situasjonen der omreisande vinningskriminelle som skulle vore sendt rett i varetekt av omsyn til etterforskinga, må settast rett på gata, seier han til smp.no.

Les også:

Fem pågripne for grove innbrot

Boliginnbruddene: Politiet sjekker tips om biler

Treng 140 plassar - har 27

Tennfjord leiar prosjektgruppa for nytt fengsel på Sunnmøre, og peiker på at størrelsen på befolkninga tilseier et behov på kring 140 fengselsplassar.

Ordføraren fortel at han vorte sjokkert over det han kallar ein «katastrofalt dårleg» dekning med fengselsplassar.

Ålesund fengsel som er bygd i 1864 har vore bygd om og modernisert fleire gonger, men har framleis berre 27 plassar. At fangar skal plasserast andre stader i landet er også kostbart når dei må reise dit med følgje av politifolk.

(saka held fram under)

Les også: Tjuver endevendte «Norges vakreste hjem»

– Sunnmøre har dermed ikkje den tryggleiken som vi ventar av ein rettsstat. Spesielt ille er det at den gruppa vi ser ei sterk auke i - organiserte bandar på raid - slepp så lett unna. Dette sender heilt feil signal både til våre eigne innbyggarar og til dei vinningskriminelle bandane, held han fram.

(saka held fram under)

Vil påverke

Tysdag var ordføraren i Oslo for å påverke sentrale politikarar til å gi meir pengar til kollektivtrafikk på Sunnmøre - men Tennfjord seier han óg vil nytte mulegheita til å trekke fram behovet for nytt fengsel.

– Dette har vore ille så lenge at folk har blitt vande med situasjonen, men det er ingen naturlov at det skal vere slik. Samstundes har vi den dårlegaste politidekninga i landet, påpeiker han.

(saka held fram under)

Ikkje i budsjettet

Nytt fengsel på Sunnmøre kom ikkje med å framlegget til statsbudsjett for neste år. Ifølgje Tennfjord er årsaka at Kriminalomsorgsdirektoratet vil gjere ein såkalla konseptutvalutgreiing for behovet på heile Vestlandet.

– Ein treng ikkje fleire månader for å rekne seg fram til at det er underkapasitet her, og vi har det mest presserande behovet i heile landet, argumenterer han.