Eit privat selskap i Sandøy vil bidra med 500 mill. til Sørsida-skulen i Ålesund, og leige bygningane tilbake til fylket. Forslaget vart presentert i Sunnmørsposten i går som ei løysing på kostnadssprekken for Nordøyvegen.

Men finst det prinsipielle debattar å ta før private med mykje pengar kjem inn på denne måten?

– Eg ser ikkje noko prinsipielt ved det. Eg ser berre positivitet i dette, seier Frank Sve, gruppeleiar for Frp.

Kan rokke ved prioriteringar

Alle dei andre gruppeleiarane Sunnmørsposten har snakka med ser fleire sider ved saka.

Tove-Lise Torve, gruppeleiar for Arbeidarpartiet, er raskt ut:

– Dette private initiativet er eit uttrykk for at Nordøyvegen er svært viktig for dette området, seier ho først.

– Ei slik løysing kan samtidig gjere at det blir vanskeleg å prioritere dei tinga ein meiner er viktigast. Dersom det kjem private med mykje pengar som vil vere med på å finansiere ei bru eller ei bygning, kan det gjere at fylket sine investeringsmidlar blir låst til prosjekt som ikkje står øvst på prioriteringslista, seier Torve.

Akkurat i dette tilfellet står ny vidaregåande skule i Ålesund øvst på politikarane si liste – men det gjer også fleire andre vidaregåande skular.

– Når det er sagt, er sørsida veldig viktig, seier Torve.

Føler eit press

Knut Støbakk i KrF er positiv men kjenner eit press.

– Dette er eit spenstig forslag, og eg vil gjerne vite meir om kva det inneber. Det er veldig positivt at det kjem private aktørar på banen og vil finansiere sørsida. Samtidig så må vi vite kva vilkår som ligg der for fylkeskommunen. Det er klart at ein føler eit press på prioriteringane når eit slikt forslag kjem på bordet.

Løyser neppe problemet

– Dette er ei handsrekning vi må ta tak i. Eg trur ikkje at Senterpartiet har prinsipielle innvendingar til kven som skal bygge og eige eit skulebygg, seier Kristin Sørheim.

– Spørsmålet er om dette er ei løysing for Nordøyvegen. Eg veit ikkje om det vil verke inn på kontantstraumen for fylkeskommunen. Det er driftsunderskotet på fylket sin økonomi- plan som er hovudproblemet. Vi må leite etter alle moglegheiter for auka finansiering av Nordøyvegen.

Juridisk avklaring

Charles Tøsse i Høgre vil ha ei avklaring av det juridiske.

– Eg syns dette er eit fantastisk initiativ. Vi i Høgre opptatt av privat og offentleg samarbeid. Men det må avklarast om det er juridiske sider ved dette, for det skal vere ryddig.

Økonomiske konsekvensar

Venstre sin gruppeleiar, Iver Nordseth, er mest opptatt av dei økonomiske sidene.

– Det må vere reelle tilskot, ikkje berre ei forskottering. Slike løysingar kan vurderast nøye for å unngå å stoppe eit prioritert og vedtatt prosjekt som Nordøyvegen. Vi må få framlagt ei grundig vurdering av alle sider ved dette, som også viser dei økonomiske konsekvensane av ei ytterlegare rammeauke som vi her står overfor.

F.v. Kristin Sørheim (Sp), Charles Tøsse (H), Frank Sve (Frp) og Knut Støbakk (KrF). Foto: Arkivfoto/Geir H. Strand