Totalt varte innspillingsperioden i ti veker.

– Eg har ei ti prosent stilling som varaordførar i Sykkylven. Eg tok imot løn frå kommunen også i den perioden eg deltok i Farmen.

– Er det riktig, meiner du?

– Slik er det, det har aldri vore eit tema at eg skulle seie ifrå meg løna.

 – Men du hadde ikkje råd til å følgje opp vervet ditt som varaordførar i den perioden du var med i Farmen?

– For å seie det slik så var det settevaraordførar på eitt møte i den perioden.

Kring 15.000 kroner

Løna som varaordførar er utrekna på bakgrunn av ordførarløna i kommunen - som er på 788.000 kroner.

Med ei berekning der ein tek med alle 52 veker i året, skulle det tilseie at Ulstein i Farmen-tida fekk utbetalt kring 15.000 kroner som lokalpolitikar.

Reaksjonar

Det stormar kring Olav Harald Ulstein for tida. Ting han har sagt og gjort under realityprogrammet Farmen har vekt reaksjonar. Ikkje minst det at han kalla ein annan deltakar for «ynkeleg» og «motbydeleg».

Dette har mellom andre fått ordførar Petter Lyshol (H) i Sykkylven til å reagere. Han har sagt til media at Ulstein si deltaking i Farmen kan svekke tilliten til Sykkylven kommune.

Romsleg

Dette vil ikkje Ulstein kommentere. I tillegg til jobben sin som kunstnar er han varaordførar for Frp i Sykkylven.

– Eg kjenner Petter Lyshol som ein romsleg kar og vil ikkje seie noko om det han skal ha sagt før eg får prata med han sjølv, seier Ulstein.

Nyansert

Ulstein trur at dei fleste vil få eit litt meir nyansert bilete av kva som har skjedd på Farmen etter kvart.

– Ting kan sjå einsidig ut for TV-sjåarane, men då eg kalla Finn Olav Odde for «ynkeleg og motbydeleg» så var det eit resultat av at han braut ein avtale som vi hadde. Så snart eg får snakka med han trur eg vi vil verte gode vener. Eg har ingen problem med å seie årsak til han, men han har kanskje òg noko han vil be om årsaking for.

Spel

Ulstein kallar det som skjer i Farmen for eit spel og meiner at det ikkje kan jamførast med det ein gjer elles i livet.

– Alt ein seier og alt ein gjer i Farmen blir gjort av ein grunn: Å kome vidare i konkurransen. I tillegg blir ting iscenesett.

– Er noko av det som skjer i Farmen fabrikkert?

– Ja, klart det. Men eg kan ikkje seie kva, ler Ulstein.

Så langt har han opplevd mykje støtte frå folk i Sykkylven.

– Dei som har vore kritiske har skjøna handlingane mine så snart eg forklarer konteksten. Folk i Sykkylven er for smarte til å svelgje alt slik det blir framstilt som god fisk.

Blåst opp

Folk Sunnmørsposten prata med i Sykkylven fredag såg ut til å ha eit vekta syn på korleis Olav Harald Ulstein står fram i Farmen. I kafeen Frøken Fryd sit Maren Velle og Elise Klokk. Dei meiner at Ulstein si deltaking i Farmen har ingenting med rolla hans som varaordførar å gjere.

– I Farmen har han delteke som privatperson. Å vinkle det som skjer der inn mot Sykkylven kommune blir heilt feil, meiner Velle.

– Eg meiner dette er blåst veldig opp. Det vi får sjå som TV-sjåarar er ein redigert versjon som har lite med verkelegheita å gjere, seier Klokk.

Ute på gata blir Ulstein stoppa opp av Sverre Øyen som vil ta han i handa.

– Olav Harald er urettvist behandla, han er ein kjempemann!