Nesten alle synest at ungdomsskulen er kjedeleg og lite morosam.

Det er mange grunnar til, nokon meiner at fagstoffet ikkje er tilpassa til deira nivå, andre meiner kanskje at det er slitsamt å sitte nesten seks timar på skulebenken om dagen. Eg er heilt einig og meiner at det går an å gjere noko med dette. Kanskje det går an å omorganisere ungdomsskulane litt.

Åra på ungdomsskulen er viktige, dei fleste vil sikre seg eit grunnlag for vidare utdanning på vidaregåande. Ein treng gode karakterar, i i alle fall i tiande om ein skal komme inn på den linja ein vil. Får å få eit godt grunnlag må ein lære, da treng ein litt meir enn ingen motivasjon. Motivasjon er lett og miste.

Kva gjer ting motiverande? Svaret er som folk, forskjellig.

Eg sitt i elevrådet, og for berre ei veke sidan kom det ein med elev bort til meg og sa på vegner av fleire, at dei synest mattebøkene er lite dysleksivennlege. Og at den dysleksivennlege skulen vår ikkje er så dysleksivennleg. I mattebøkene våre er det mange tekstoppgåver som i følgje eleven var det største problemet. Korleis skal ein løyse oppgåver ein ikkje kan lese skikkeleg?

Dei fleste er klar over at alle er unike, med sine sterke og svake sider. Sidan alle er forskjellige, kvifor blir vi da putta inn i det same systemet og det blir forventa at alle skal lære og oppnå det same?

Det finst gode funksjonelle løysningar på dette problemet. På vidaregåande får eksempel, kan ein velje kva matte ein vil ha, da får ein tilpassa faget betre til kvar enkelte enn på ungdomsskulen. Eg veit at det er enn læreplan ein må følgje. Hadde det gått an og for eksempel dele fag opp i praktisk læring og teoretisk læring. Vi lærer forskjellig og derfor trenger vi forskjellige metodar og lære på. Det betyr ikkje at vi ikkje skal lære det same.

Kva gjer ting motiverande? Svaret er som folk, forskjellig. Dei fleste blir motivert av og oppnå noko, nokon blir motivert av og bli snakka opp. Det finst faktisk folk som blir motivert av og bli trakka på fordi da får dei noko å bevise. Kva som motiverer deg må du finne ut av sjølv, med da er det greitt og ha moglegheita til å lære på måten som er mest effektiv for deg og ikkje bere den metoden for funkar for dei fleste. Skulesystemet er eit problem på dette området, og det finst løysingar.