Dei set seg sjølv for høge krav, særleg knytt til utsjånad og skule. I følgje folkehelseinstituttet har antal jenter på 13–16 år med eteforstyrring dobla seg. Ungdommane i dag slit seg sjølv ut. Vi må faktisk oppfordre dei til å gi litt meir blaffen av og til. Kva så om du ikkje har den syltynne sommarkroppen, eller den muskuløse kroppen som dei andre gutta? «Eg fekk berre ein 3-ar.» Kva så? Det er ikkje verdas undergong.

Ingen er perfekt. Kan ikkje vi vise kvarandre det?

Kvar kan dette ufatteleg store presset om å vere perfekt komme frå? Dette kan komme frå sosiale medium, der folk berre viser sine perfekte sider av livet sitt. Det får oss til tenkje at vi også må vere slik, og om vi ikkje klarer det same er vi mislykka. I dag er det fleire og fleire som startar å sminke seg allereie i femte klasse, på grunn av at dei blir påverka av sosiale medium. Det har gått for langt!

Press kan og komme frå venner, klassekameratar og familie, du kan få kommentarar som «Skal du ete det?» eller «Det er for dårleg, du må jobbe hardare». Vi må ha respekt for kvarandre, og løfte kvarandre opp. Men det er ikkje berre frå andre ein kan føle press, det kan faktisk komme frå oss sjølv og. Vi trykk oss sjølv ned, med tankegongen om at vi ikkje klarer noko eller at vi alltids kan sjå betre ut. Vi let ikkje oss sjølv slappe av!

Eg har også hatt ei periode i livet mitt, der eg sjølv har stått i den kampen, og alt eg ville var å vere perfekt. Uansett kor hardt eg prøvde, så følte eg meg aldri bra nok. Eg følte meg ganske einsam på den tida, og ville bevise meg sjølv at eg faktisk meistra i noko. Men det førte berre til at eg trakk meg sjølv lenger og lenger ned. Eg var heilt innestengt i meg sjølv, og følte meg aldri bra nok. Eg tenkjer at ein må faktisk berre akseptere at ein ikkje kan vere heilt perfekt, for å få det betre. Det burde eigentleg ikkje vere noko som heiter perfekt, for ingen er perfekt. Kan ikkje vi vise kvarandre det?

I følgje Khrono.no var det ei kraftig auke i einsemd i tida mellom 2018 til 2021, og fleire føler at dei ikkje har nokon å snakke med. Heile 25 prosent av ungdom held problema sine for seg sjølv. Vi må vise kvarandre at vi er her, og vere gode lyttarar. For vi kan ikkje ha det slik lenger!