I denne teksta skal eg skrive om eit problem som eg meiner det er viktig å ta tak i. Tal og statistikk viser at svært mange unge ikkje les avisa lenger. Dette kan bli eit stort problem òg eg skal forklare kvifor.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at fleire unge ikkje får nyhende frå aviser. Dette er nok på grunn av utviklinga og den hyppige bruken av sosiale medium. Faremomentet med sosiale medium er at kven som helst kan spreie falske nyhende. Eit anna faremoment kan vere at meiningar kan bli forveksla med fakta. Det er etter mi meining ein fare for eit likegyldig samfunn, dersom unge ikkje får med seg den informasjonen som er nødvendig. Dette gjer at vi risikerer at vi å få endå meir likegyldigheit i samfunnet enn vi har i dag.

Det å få unge til å engasjere seg i det som skjer i samfunnet er verdt meir enn 1.000 kroner

Etter min meining er likegyldigheit det største problemet i eit fungerande demokrati som Noreg. Dersom ein er likegyldig og ikkje får med seg korrekt og sann informasjon, så kjem ein ikkje til å ha tilstrekkeleg med informasjon til å ha ein sakleg og sunn debatt, òg det er sunne debattar som utviklar det gode samfunnet som vi lever i vidare.

Korleis kan ein førebyggje ei slik framtidskrise?

På landsbasis kan ein sjå at dei store nyhendebyråa har begynt å nytte sosiale medium, som til dømes TikTok for å formidle nyhende, men dei lokale redaksjonane har ikkje kapasiteten til dette. Det er også like viktig at unge får med seg lokale nyheiter. Difor er det ikkje nok at dei store nyhendebyråa formidlar nyhende på TikTok.

Det er viktig å sjå skiljet mellom underhaldning og nyhende. Applikasjonar som TikTok skapar difor ei fare for mistolking. Dermed har lokalaviser og nyhendebyrå eit større ansvar no i dag etter mi meining.

Ei løysning for dette problemet kan vere å gje dei unge moglegheita til å skrive kommentarar for avisene. Dette tiltaket kan vere krevjande å få til for dette kan vere utfordrande og skummelt for den aktuelle som ynskjer å skrive, men det er her redaksjonane må vere tryggjande å hjelpe den aktuelle heile vegen.

Eg starta å skrive for lokalavisa Vikebladet Vestposten saman med ein kompis når eg var 15 år gammal, òg gulrota for oss var at vi fekk 1.000 kroner for å skrive ein kommentar om det vi ynskja.

Ved å gjere dette fekk lokalsamfunnet høyre ungdomsperspektivet på saker og fleire unge fekk med seg sakene, samtidig fekk vi den 1.000 kroners belønninga. I ettertid ser eg at det å få unge til å engasjere seg i det som skjer i samfunnet er verdt meir enn 1.000 kroner for demokratiet.

Det er viktig at unge brukar stemma si slik at politikarane veit kva dei unge trenger for å gjere samfunnet betre for oss. Lokalaviser er eit flott medium for ytre desse meiningane på. Eg vil difor at dokker skal ta sjansen og skrive for lokalavisa dokkar, slik at dokker blir eit førebilete for andre ungdomar og ei berebjelke for demokratiet!