Lesarinnlegg

«Kloakkutslepp på Kvasneset. Gode fjordstraumar og skade på fjorden»

Torsdag 15. oktober fekk Sula kommunestyre ei orientering om planane for kloakkanlegg på Kvasneset.

Kvasneset: Harald Gjøsund er ikkje einig i reknestykket som firmaet Rådgivende Biologer har presentert frå om kloakkutsleppet frå det planlagde reinseanlegget her på Kvasneset i Sula kommune.  Foto: Morten Hjertø

Meninger

Her snakka Erling Brekke frå firmaet Rådgivende Biologer om dei pågåande straummålingane, og om potensialet for skadeverknad på fjorden. I ettertid har eg reagert på noko av det han sette fram.

Det eine er at han forklarte at det er sterk straum i fjorden. Han var faktisk overraska over kor sterk botnstraumen er, sa han. Mange har tolka dette nettopp slik: Det er sterk straum i fjorden, og uvanleg sterk botnstraum, noko som er gunstig med tanke på eit kloakkutslepp.

Det han eigentleg snakka om var straumen og botnstraumen over ei grunne der dei tenker å legge utsleppet. Der er det 60 m djupt, mens fjorden elles er over 400 m djup. No er det slik at når straum går frå djupt vatn og inn på grunt vatn, då aukar straumhastigheita. Dette er eit fenomen som er omtala i alle fysikklærebøker som omtalar straumar i væske eller gass. Det vert gjerne kalla Venturiprinsippet. I bøkene er det oftast illustrert med at straumen går i eit rør med ei innsnevring i røret, men effekten blir den same om den går frå djupt vatn inn over ei grunne. Særleg vil botnstraumen auke.


Bråket rundt reinseanlegget på Kvasneset har ikkje lagt seg:

Meiner ordføraren bagatelliserer dei negative konsekvensane

Det kjem stadig nyheiter som tyder på at konsekvensane av reinseanlegget på Kvasneset er verre enn først venta, meiner leiaren i Sula MDG.


Eg er veldig forundra over at Brekke kunne omtale dette utan å nemne at den sterke straumen antakeleg er eit resultat av Venturieffekten.

Når straumen går frå grunna og ut att til djupt vatn, då skjer det motsette. Hastigheita avtar, og meir til større djupet vert. Eg ønsker at Brekke vil forklare oss kva som då vil skje med slampartiklar i vatnet med tanke på sedimentering.

Det andre eg reagerte på er eit reknestykke han viste. Han hadde rekna ut at med eit utslepp av kloakk frå 70.000 pe vil det ta 180.000 år å bruke opp oksygenet i fjorden. Dette vert sjølvsagt tolka av folk slik at fjorden umogleg kan ta skade av det.

Brekke sitt reknestykke tok utgangspunkt i at hovudfjorden har eit volum på 38 km³ og inneheld 280 million tonn oksygen. Så sa han at kloakk frå 1 pe svarar til eit oksygenforbruk på 60 g/døgn, d.v.s. at 70.000 pe vil gi eit forbruk på 1533 tonn/år.


Vil redusere luktproblema:

På dette fjellet kan det kome ei 30 meter høg pipe: – Det er ikkje slik at eit reinseanlegg ikkje luktar

Reinseanlegget på Kvasneset i Sula vil sannsynlegvis føre til lukt. Men til høgare pipa tilknytt anlegget blir til mindre kan problema bli.


Eg er ikkje sikker på om dette er rett. Reknemessig er det kanskje det, men eg ser for meg at med eit så stort utslepp vil nedbrytinga gå seinare enn tilførselen. I så fall vil det skje ei akkumulering av organisk stoff. Dette vil føre til auka mengd bakteriar, for bakteriar kan formere seg veldig fort når dei får nok næring. Då aukar nedbrytinga, men også oksygenforbruket aukar, så eg trur at det vil kunne bli mykje høgare enn det Brekke rekna ut.

Brekke hadde også rekna med at kloakkvatnet skal spreie seg likt i heile fjordvolumet. Det vil det heilt sikkert ikkje gjere. Oksygenforbruket vil slå inn i dei områda som vert ureinsa av kloakkvatn. I så fall kan oksygenmangelen lokalt bli alvorleg.

Dersom eg tar feil, må Brekke gjerne korrigere meg. Dersom eg har rett betyr det at ordføraren er villeia når han seier til Sunnmørsposten at «Dessutan kom det fram at det er gode strøymingar i fjorden – og at fjorden ikkje tek skade av prosjektet».





-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!