I mange år har vi fått høyre at fjordstraumen langs Sula går vestover, slik at utsleppet vil bli ført utover og til havs. Dette har vi fått høyre frå administrasjonen i Sula, frå ordføraren, og frå diverse andre som «veit» det.

Torsdag 15. oktober fekk kommunestyret i Sula ei orientering om saka. Då fekk vi vite at straummålingane viset at straumen går like mykje austover som vestover. Ja, i lange periodar gjekk straumen hovudsakeleg austover. Dette er noko som mange har visst lenge, men no er det altså slått fast. Då er det på sin plass å spørje: Kva vil denne kunnskapen få å seie for planane om å legge reinseanlegget heilt inne på Kvasneset? Korleis ser ein for seg at kloakkvatnet skal bli transportert vestover mot havet når straumen går austover, innover i fjorden?

Eg reagerte også på at det blei stilt eit spørsmål om kva som vil kunne skje ved ein driftsstans i anlegget. Svaret på dette var at den einaste form for driftsstans ein kunne tenke seg var eit straumbrot. Då vil pumper og vifter stanse, men elles vil det ikkje skje noko gale, fekk vi vite.

I lærebøker som omhandlar dette temaet kan vi lese om ein annan form for driftsstans. Dette er noko som kan skje dersom ein får oppvekst av bestemte bakteriar i anlegget, til dømes Sphaerotilus natanes eller Nocardia. Dette er bakteriar som dannar store mengder slim og gass. Slimet kitter saman slampartiklane, og gassblærene gjer at slammet flyt i staden for å søkke ned. Det skjer ein flotasjon i staden for sedimentasjon. Då vil ein få eit massivt utslepp av slam med avlaupsvatnet til fjorden. I fjorden vil dette slammet flyte, med stor fare for stygg ureining av strendene.

Dersom dette skjer, då må anlegget stengast, tømmast og desinfiserast, og det kan bli mange dagar med driftsstans.

Eg er ingen ekspert, så eg veit ikkje kor ofte slikt skjer, men det er i alle fall ofte nok til at det er tatt med i lærebøker. Noko slikt kan gi ei miljøkatastrofe inne i fjorden. Det er difor viktig at ein planlegg kva ein skal gjere dersom dette skulle skje.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!