Domstol og rettsstad er ikkje likeverdige omgrep med likeverdig innhald. Ved å gjere ein sjølvstendig tingrett med stadleg leiing, til ei avdeling i ein ny, stor rettskrins, oppnår ein lite og ingenting anna enn å skape uklarheit og uvisse.

Regjeringa og FRP foreslår vidare at endringar i rettskrinsane, og fastsetting av tingrettane sine faste rettsstader skal «forelegges» for Stortinget. I praksis vil endringane som no kjem til verte vedtekne, bety at regjeringa kan avgjere framtidige endringar åleine. Å «forelegge» noko for Stortinget, betyr ikkje stort anna enn å orientere.

Når vi kjenner regjeringspartia og FRP sin sentraliseringsiver, så er det all grunn til å frykte for ytterlegare nedbemanning av både tingrett og jordskifterett i Volda/Ørsta.

Arbeiderpartiet går difor imot denne reforma. Dersom ein ynskjer å oppnå betre saksflyt, meir samarbeid og betre utnytting av samla kompetanse og kapasitet i rettssystemet, så er det ingenting ved dagens struktur som hindrar dette. Vi meiner tvert i mot at stadleg leiing er viktig, både for den dømmande verksemda, og for dei tilsette.

Vi foreslår difor å oppretthalde alle dagens sjølvstendige domstolar med stadleg leiing. Arbeiderpartiet vil styrke domstolane og gje folk høve til juridisk og rettsleg bistand og rettleiing lokalt. For ytterlegare å styrke tenestene til innbyggjarane, der dei bur, foreslår vi å opprette nærtenestesenter over heile landet. Dette vil styrke tenestetilbodet der folk bur, og vil bidra til å stogge den sentraliseringa dagens regjering har stått for.

Ved eit eventuelt regjeringsskifte til hausten, vil ei AP-leia regjering reversere dei endringane som Høgreregjeringa og FRP no får vedteke.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!