Likevel ynskjer sokalla «dyrevernarar» å ta vare på det minst berekraftige i norsk natur: rovdyra. Senterungdomen er dei ekte dyrevernarane. Difor ynskjer vi å skyte fleire rovdyr.

Det var eit politisk samla Storting som i 2011 vedtok rovdyrforliket. Rovdyrforliket seier noko om kor mykje rovdyr vi ynskjer å ha i ulike delar av landet vårt. For Møre og Romsdal sin del tyder det at vi skal ha tre ynglingar med jerv kvart år og tre familiegrupper med gaupe.

I fylgje Rovdata ligg bestanden for jerv og gaupe høvesvis 73 % og 53 % over bestandsmålet for rovdyrsona Møre og Romsdal ligg i. Tala er aukande.

Samstundes som vi har eit fylke proppa fullt av rovdyr, sit det folk som kallar seg «dyrevernarar» og ynskjer seg endå fleire rovdyr i norsk natur. Fleire av desse «dyrevernarane» sit gjerne på kafear i Oslo sentrum og et importert mat medan dei likar facebookpostar med glorifiserte bodskap om rovdyr. «Dyrevernarar» som manglar all bakkekontakt.

Faktisk vart vedtaket om felling av to jervar i Møre og Romsdal påklaga av Naturvernforbundet seinast i år. Meiner sokalla «naturvernarar» og «dyrevernarar» at halvdøde sauer spreidd rundt om i fjellet er god dyrevelferd? Skjønar dei at alternativet til ein haug med døde rovdyr er ein haug med døde sauer?

Slike rovdyrromantikarar representerer, saman med Høgre-regjeringa, ein av dei største trugslane mot norsk matproduksjon nokosinne. For det er dette som står på spel. Norsk matproduksjon, mattryggleik og norske arbeidsplassar.

Det handlar om at du og eg kvar dag skal kunne ete verdas beste og reinaste kjøt frå den norske bonden. Dette vil Senterungdomen alltid kjempe for.

Eg kjem sjølv frå eit småbruk, og kvart år missar vi sauer til rovdyr. Når «dyrevernarane» meiner vi burde «passe betre på dyra» eller «vere på fjellet og gjete», so viser det berre kor lite realitetsorienterte dei er. Eg ynskjer dei iallfall lukke til med å gjete opp til fleire hundre sauer kvar time, kvar dag, fleire månadar i strekk, i utmarka til ei løn langt under fattigdomsgrensa.

Senterungdomen er dei ekte dyrevernarane. Vi meiner dagens rovdyrforvalting er direkte uklok og at vi må skyte fleire rovdyr i Møre og Romsdal!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!