På det første møtet med den nye biskopen i Møre, Ingeborg Midttømme, sa ho føljande til prestane: Trur dokke at eg kunne ha utnemnt ei kvinne som prest i Spjelkavik, så lenge Ingebrigt Austnes er kapellan der?

Og kva sa den tidlegare preses/ «erkebiskop» i DNK, Helga Byfuglien i samtale med meg for nokre år sidan: Eg går sjølv til sides om eg møter ein prest som ikkje kan delta med meg i ei gudsteneste når eg er på visitas. Eg gjer ikkje noko styr av det!

To biskopar som tidlegare viste den respekten det var for nokre få år sidan i DNK overfor kvinneprestmotstandrarar i DNK.

I tillegg hugsar eg godt det hardkøyret frå politisk hald mot Menighetsfakultetet på 60-70-talet, når staten truga den desidert største presteskulen med å kutte statstilskotet dersom ikkje institusjonen skifta syn i kvinneprestsaka. Det gjorde inntrykk på ein ung student!

Kva er det så som har hendt dei siste ti-åra?

Er det eit stort teologisk oppgjer som er grunnen til dette radikale kursskiftet? Har kyrkja kome med ei erklæring om skifte av syn i denne saka? Langt ifrå. Dei forsøka på teologisk oppklaring som har vore, har i alle fall ikkje overtydd dei «gammaltruande» på noko vis. Og spørsmålet har aldri vore oppe i Lærenemda, det faglege organet som kyrkja har for slike saker.

Men noko har endra seg. For det første er det paradoksalt slik at når «kyrkja sjøl» fekk meir råderett over eigne saker, (og ein svært dominerande biskop i Oslo sat i høgsætet), då kom det eit klimaskifte: Tidlegare var det stor respekt for den enkelte prests overtyding, dersom ein kunne argumentere med Skrifta og vedkjenninga (den lutherske lære). Men no vart vekta lagt på ordningar. Det er altså ei langt meir byråkratisk kyrkje vi har fått, der det gjeld å innordne seg, følje reglane. Tidlegare gjekk debattane friskt. Men det var altså ein respekt i miljøet for å vere annleis, fordi det dreia seg om teologiske overtydingar. Derfor kunne ein leve med kvarandre, trass i ulike syn på mange spørsmål i kyrkja, mellom anna kvinneprestspørsmålet.

For det andre: Den politiske bølja som feier over landet på 70-talet, slår også inn i kyrkja. Og «kvinnekamp» blir viktig.

Debatten og ordbruken i dag vitnar om at kvinneprestspørsmålet er blitt fullstendig redusert til eit politisk/psykologisk spørsmål. Den teologiske dimensjonen er heilt borte.

Historikarar peiker på at den kristne kyrkja har betydd den store forskjellen når det gjeld synet på kvinna. Dei første hundreåra i kyrkjas historie er ei gedigen formingstid innover i kyrkja. Og synet på kvinna vert radikalt endra, først med Jesus og evangelia, så med den tidlege kristne kyrkja. Ho tek oppgjer både med det greske tankegodset og det romerske, altså dei leiande åndsretningari tida . I desse kulturane er der ein bruk-og kastmentalitet som altså kristendommen endrar ved å gje kvinna likeverd med mannen. Ja, vetige historikarar kan med fagleg tyngde hevde at kristedomen la grunnlaget for det postitive synet som den vestlege kulturen har på kvinna.

Men det er å merkje seg at synet på prestetenesta trass i dette aldri stod til diskusjon! Kanskje var det rekna som eit privilegium for kvinnene å sleppe? For det var ei livsfarleg teneste, og mange prestar og biskopar enda på bålet. Men viktigare var nok synet på prestetenesta som eit framhald av aposteltenesta, og det nære sambandet presten har til sakramenta, og dermed presten som Kristus-representasjon.

Dette er nok tema som lutherdommen er lite grunnfesta i. Synet på prestetenesta er nok meir ein arv frå den gamle kyrkja, som den i liten grad har teke vare på. Derfor vil den lutherske kyrkja vere langt meir valhendt i dette spørsmålet enn den romersk-katolske og ortodokse kyrkja.

Men det var altså denne djupe teologiske synet på prestetenesta som overtydde meg og mine nære studievener til å lande på det ekumeniske standpunktet. Eg har aldri argumentert med kvinners eigenskapar i dette spørsmålet, og eg har aldri høyrt at mine meiningsfeller gjer det heller. Dei kvinneprestmotstandarane eg kjenner er sunne folk, med sans for kvinner og kvinners rettar. I studietida gjekk vi like gjerne under raude faner i 1. maitoget som i høgtidlege prosesjonar med kors og lys. Nei, som prestar for Herren er vi nok like tilkortkomne og uverdige, anten vi er mann eller kvinne-

Med dette eindimensjonale synet på prestetenesta som dominerer lutherdommen i Norge for tida, fjernar den lutherske kyrkja seg ytterlegare frå den felles-kristne arven, og frå ein sunn og djup teologi i det heile. Det er ille. Ein kultur som «et sine eigne born» er ein kultur i forfall. Ei «open og inkluderande kyrkje»? For kven?

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!