Ikkje minst gjeld det mengda av idrett, les fotball, les Ålesund fotballklubb.

Sjølv høyrer eg til dei som kunne tenkt meg ei omfordeling med mindre idrett og meir kritiske innslag om aktuelle spørsmål i tida. Det skal eg ikkje seie meir om her. Det er nok av skriveføre kvinner og menn som brukar å utause seg, gjerne med rette, på dei opne sidene. Avisa blir ikkje mindre leseverdig av den grunn.

Nei, denne gongen vil eg skryte – av avisa 24. januar i år, og særleg sidene 14 og 15 (Meninger). Ikkje minst vil eg framheve Aud Farstads (AF) artikkel om Kvite løgner osv.

Eg les med glede innlegga hennar anten det gjeld dagens eller andre. Som vanleg godt språk om viktig emne, og artikkelen handlar nettopp om språk. Måten vi ordlegg oss på i dag fortel om haldningar og vurderingar til å bli skremd av. Mykje av det kjem frå USA som så mangt anna skræmeleg i vår tid.

Eg håper verkeleg folk tek seg god tid med denne artikkelen, viktig som han er. Men stopp endeleg ikkje her. For det kjem meir spennande, på side 15, om «Elektrisifiseringa av norsk sokkel» og på sidene 16/17 om «Straumkrisa». Den som ventar seg noko vitugt av dagens storting og regjering i saker som dette, må sanneleg vere sterk i trua.

Meir kunne nemnast, men eg håper folk tek seg tida på ein ny måndag til å lese og reflektere over viktige spørsmål i tida.

Takk til Sunnmørsposten for ein god start på ei ny veke.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!