Det verkar ut frå Moxnes sitt svar «Konverteringsterapi er utilbørleg press» at han har unnlate å lese heile innlegget mitt som han refererer til. Event.. så skjønar han ikkje at det i debatten om konverteringsterapi, er naudsynt å skilje mellom dei to omgrepa seksuell orientering og kjønnsidentitet.

I det lovforslaget som ligg føre om forbod mot konverteringsterapi, så vert det heller ikkje skilt mellom dei to omgrepa. Samanhalde med at behandlingsapparatet i stor grad har overgitt seg til den politiske «Zeitgeist» der «bekreftingsmodellen» seglar i medvind, er sjansane store for at barn og unge ikkje får den forsvarlege utgreiinga og behandlinga som ein slik kompleks tilstand har krav på.

Bakteppet for denne utviklinga er at barn og unge er blitt gjort til målskive for ein ny og uvitenskapleg forståing av kjønn og kjønnsidentitet. Omgrepet kjønnsidentitet er blitt «politisert», og forståinga er blitt lausrive frå det store omgrepet identitet. I alle store medium, i skulen og i fleire barnehagar, vert den oppveksande generasjon presenterte for ein giftig bodskap om «at kroppen din kan vere feil, men kan fiksast gjennom hormonar og kirurgi». Særleg hos sårbare barn kan denne bodskapen og den falske og uvitenskaplege påstanden om «flytande kjønn», skape forvirring, usikkerheit og utryggleik.

Det vert servert desinformasjon om barn som ikkje passar inn i kjønnsrollene. Det paradoksale er at vi gjennom dette ser ein tilbakegang til gamle stereotype normer gjennom at vaksenverda definerer gutar som likar sminke og dokker, og jenter som likar å slåst, som transseksuelle.

I staden så burde barn ha fridom til å uttrykke seg nøyaktig som dei sjøle ønsker; utan at vi legg vårt vaksenperspektiv om seksualitet og kjønnsidentitet på barnet. Dette er likestilt med å utsette barna for overgrep.

Kjønnsidentitet er noko fundamentalt forskjellig frå seksuell orientering då det er basert på subjektive idear/følelser som kan vere flyktige og som dermed kan endre seg over tid.

Dei fleste barn/unge med kjønnsidentitetsproblematikk (rundt 80 %) kjem over det og finn seg til rette i sitt fødselskjønn, dersom dei får fred til å gjennomleve puberteten og ikkje vert sett på pubertetsblokkerar; for så å gå vidare på kjønnskontrære hormonar og evnt. kjønnskirurgi.

Det er på høg tid at fleire står fram og avslørar og protesterer på at våre barn og unge vert fora med denne feilinformasjonen. Det hastar for å unngå at endå fleire barn og unge vert gjort til livsvarige pasientar.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!