Vi går i Pride-tog leia av FRI-rørsla. «Å elske den du vil» er hovudbodskapen i FRI-rørsla. Eg har lese boka til Hadia Tajik, «Frihet». «Stå opp for kristne verdiar?» skriv Martin A. Engeset.

«Kan du nemne ein einaste verdi som er berre kristen? spør Elias Vågnes. «Kan du endre meining?» spør humanetikaren Inger Slinning? Slik eg oppfattar dette, er det spørsmåla retta mot «konservative kristne». Eg er ein «konservativ kristen» og vil prøve å svare på spørsmåla.

Først til Hadia Tajik. Ho har ein ærleg samtale med ein «konservativ ung kristen gut» som kom ut av skapet som homofil. På same måten som son til pinse-pastor Godø. Begge desse homofile snakka fint om dei «konservative kristne». Dei konservative kristne familiane deira møtte dei med kjærleik. Det er eit sterkt vitnemål om den eineståande bodskapen frå Jesus. Jesus sa: «De har høyrt det er sagt: Du skal elske nesten din og hata fienden din. Men eg seier dykk: Elska fiendane dykkar og bed for dei som forfylgjer dykk, så de kan vera born åt far dykkar i himmelen». I Johannes evangeliet 3.17 står det: «Gud sende ikkje sonen sin til verda for at han skulle døme verda, men for at verda skulle verte frelst ved han». Kan Elias Vågnes nemne ein einaste religion med denne bodskapen?

Det er sant som både Elias Vågnes og Martin Engeset har sagt, at her har vi som kallar oss kristne dessverre synda mykje opp gjennom historia. Men – det er også sant at mange kristne har gitt sitt liv i kampen for fridomen slik som Jesus gjorde. Vi ser dette tydeleg i dei gudlause kommunistiske landa i Nord-Korea og Kina og i dei religiøse landa – dei muslimske landa og i det hinduistiske India og det buddhistiske Myanmar (Burma).

Hadia Tajik stilte spørsmålet om Pride-toga og FRI-rørsla som har kjempa for fridomen til dei homofile. Har dei tatt fridomen frå «dei konservative kristne». Har dei jaga dei inn i skapet? – med forbod mot kristen forkynning, mot å ikkje delta i abort, mot konverteringsterapi, nekting til økonomisk støtte. Vil ikkje dette føre til hatytringar mot dei «konservative kristne» og ta fridomen frå dei? Jesus sa også: «På frukta skal treet kjennast».

Vi ser tydeleg at dei «kristne landa» i Vesten som er prega av kristendomen over lang tid, er dei landa som har livssynsfridom både for dei gudlause og for dei religiøse. Vi ser også at det er livssynsfridomen for dei konservative kristne som no er under press i mange sekulære vestlege land. Martin Engeset stiller spørsmålet om vår sivilisasjon i dei kristne landa i vesten «bygg på Jesu ord i det Nye testamentet + dei 10 boda i Det gamle testamentet. Og på sterke personar som kjempa for og utbreidde trua si». Vi konservative kristne er heilag overtydd om at slik er det og vil kjempe for Jesus sin gode bodskap som har gitt oss fridomen vår!

Jon Hildre,Vigra

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!