Som mor til ein ungdom som har behov for meir tilrettelegging i skulekvardagen enn kva eit standard skuleløp tilseier, er kvar beskjed om innsparingar eit slag i magen. Velfungerande tilrettelegging på skulen er heilt avgjerande for gode dagar for familiar som har barn som ikkje fungerer i ein A4 skulekvardag. Men det kostar pengar, og det er ofte i denne gruppa innsparingane fyrst skjer.

Kommuneleiinga må begynne å sjå på bruken av pengar til barn og unge meir som langsiktig sparing, enn som noko som skal ha resultat her og no. Det som vert investert av midlar og tid i dei barna som veks opp no, vil om nokon år gje utslag i trygge unge vaksne som i mindre grad har behov for oppfølging av kommunale tenester som verkeleg er store utgiftspostar for kommunen.

Etter fleire tunge år på barneskule, der for få tilsette ved skulen ofte vart brukt som argument for kvifor mitt barn ikkje fekk fulle dagar med oppfølginga hen trengte, har det vore ein lettelse å oppleve den gode tilrettelegginga Spjelkavik ungdomsskule har vist for mitt barn. Og klart det kostar, men det er ei investering verdt kvar ei krone!

Eg trur eg med sikkerheit kan sei at få er så takknemlege som foreldre til barn og unge som har litt andre behov enn gjennomsnittet. Mange av oss har opplevd lite kunnskap i møte med skule og kommunale hjelpeinstansar, og vert difor så uendeleg glade når me fyrst opplever å få den tilrettelegginga som skal til for at kvardagane vert gode.

Tenk kva det utgjer i sparte kostnadar i form av mindre bruk av sjukemeldingar, pleiepengar og andre ordningar foreldre må ty til når skulen ikkje klarar å levere eit heildagstilbod for barna, grunna lite pengar i skuleøkomien.

Så mi oppfordring til Ålesund kommune er; tenk dykk godt om før de nok ei gong reduserer i midlane til skulane i Ålesund.

Og til Spjelkavik ungdomsskule; takk for at de kvar dag gjev mitt barn eit tilbod som gjer at hen ikkje har hatt ein einaste fråværsdag i heile haust. Det er ikkje ein sjølvfølgje for oss.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!